Bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal 2020-2023

Prioriteringar 2020-2023

Utlysingane av prosjektmidlar frå RFF Møre og Romsdal skal bidra til å forsterke regionens konkurransefortrinn slik dei er skildra i Forskings og innovasjonsstrategien for næringslivet i Møre og Romsdal 2016-2020 og Forskings- og innovasjonsstrategi for kommunal sektor i Møre og Romsdal 2017-2020. FoI-strategiane vil bli rullert i løpet av 2020, og ein ny FoI-strategi vil frå 2021 bli lagt til grunn for bestillingsbrevet.

RFF Møre og Romsdal skal underbygge behova i næringslivet og rette seg mot kunnskapsområde som utnyttar og forsterkar regionens konkurransefortrinn. Utlysingane skal derfor legge til rette for meir kunnskapsbasert innovasjon i næringslivet så vel som i offentleg sektor, og bidra til å bygge opp relevant kunnskap i forskingsmiljøa.

Berekraft og det grøne skiftet

Både styresmakter og marknader stiller aukande krav til bedrifter og samfunnsaktørar om å drive etter berekraftige prinsipp. FNs berekraftsmål er førande for mykje av dette arbeidet. Forskingsbasert innovasjon og teknologiutvikling spelar ei nøkkelrolle for meir berekraftig ressursutnytting, og å skape nye produkt og prosessar som minimerer klimaavtrykket samtidig som det gir nye forretningsmuligheiter. Utlysingane til RFF må stille krav til at det som blir utvikla i prosjekta er berekraftig eller at prosjektet i seg sjølv bidrar til berekraftige løysingar.

Eit næringsliv med verdikjeder innanfor både blå og grøn sektor gir regionen eit godt utgangspunkt for arbeidet med «det grøne skiftet». Ved hjelp av innovasjon og teknologiutvikling skal heile næringslivet og offentleg sektor bidra til ein overgang til meir klima- og miljøvennlege produkt og tenester i alle delar av arbeids- og næringslivet.

Muleggjerande teknologiar

Digitalisering og nye teknologiar skaper store muligheiter for arbeids- og næringslivet. Dette kan m.a. handle om automatisering, virtuell protyping, sensorteknologi og bruk av store datamengder i kombinasjon med simuleringar og digitale tvillingar. For å kunne kome til praktisk og kommersiell nytte, må teknologien ofte bli utvikla og tilpassa i samspel med FoU-miljø.

Bruk av kunnskap frå ei næring kan bidra med innovasjon i andre næringar og sektorar. Det er viktig å stimulere til samarbeid på tvers av fagområde og sektorar, og dermed bidra til utvikling av nye forretningsområde eller næringar. Prosjekt der næringsliv, offentleg sektor og FoU-miljø samarbeider og lærer av kvarandre, er ønskeleg.

Havrommet

Nærleiken til og bruken av «havrommet» er grunnlaget for dei sterke næringsklyngene i Møre og Romsdal. Dei maritime næringane har leiande bedrifter innanfor heile verdikjeda. Bransjen utnyttar eksisterande kompetanse inn mot utvikling av nye typar fartøy, framdrifts- og navigasjonssystem, maritime installasjonar og tilhøyrande utstyr. Havvind og nye havbrukssystem er andre område i utvikling. Den marine næringa har ei stor mengde aktørar innanfor fiskeri, foredlingsindustri, havbruk, og havbruksrelaterte teknologibedrifter. Innanfor det biomarine området er det ei veksande mengde verksemder og kunnskapsområde med fokus på auka utnytting av råstoff og vidareforedling av marine produkt til mat og ingrediensar til helsemarknaden.

Innovasjon i offentleg sektor

Kommunal sektor står overfor store utfordringar som følgje av eldrebølge, ressursknappheit og auka krav til velferd og kompetanse. For å møte desse utfordringane trengst det brei mobilisering til meir forsking i og for sektoren. Kommunane treng hjelp til å drive meir systematisk innovasjon på tvers av fagområde og nivå. For å finne gode og smarte løysingar må det offentlege ofte samarbeide med andre aktørar. Både private bedrifter og friviljuge organisasjonar kan saman med brukarane sjølve vere viktige samarbeidspartnarar for ein meir kunnskapsbasert og innovativ offentleg sektor. Styret skal prioritera utlysingar innan innovasjon i offentleg sektor som bidrar til å mobilisere til slik aktivitet.

Utlysingane skal rettast mot kommunal sektor eller mot samarbeid mellom sektoren og private og/eller andre offentlege aktørar. Kommunane må oppmodast til å vere bevisst si rolle som pådrivar i innovative innkjøp der ein vil tene på eit tett samspel med FoU-miljø og næringsliv.

Samspel over bransje- og sektorgrenser

Utvikling og bruk av kunnskap er i mange samanhengar generisk i den forstand at fleire bransjar, sektorar og fagområde kan ha nytte av den same kunnskapen. Forskingsbasert innovasjon som har utspring i ein bestemt bransje som t.d. maritim industri, kan òg kunne brukast i andre viktige
næringar i regionen slik som marin, ferdigvareindustri, IKT-bransjen, petroleumsretta næringar, reiseliv og landbruk og i offentleg sektor. Slik gjensidig kunnskapsutveksling og samspel er ønskjeleg når det er føremålstenleg. Prosjekt der det blir utvikla og blir nytta generisk kunnskap, gjerne i
samarbeid over bransje- og sektorgrensene, er viktig for å dele kunnskap og fremje innovasjon i heile regionen.

Styrke forskingsmiljøa

Arbeids- og næringslivet må ta i bruk ny kunnskap og teknologi for å halde oppe konkurranseevne, utvikle nytt næringsliv og levere gode produkt og tenester. Det inneber òg at FoU-miljøa, ikkje minst dei regionale miljøa, må levere relevant og praksisnær kunnskap i form av forsking og utdanning.
Auka tilgjengeleg forskingskapasitet og –infrastruktur i form av kunnskapsmedarbeidarar, laboratorium, simulatorar og studentar, er viktig for å styrke det stadig meir kunnskapsbaserte arbeids- og næringslivet i regionen vår.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 16.38 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.