Bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal 2020-2023
Fondsstyret
Fondsstyret
Fylkeskommunen utpeikar fondsstyret, og vedtek i kvar valperiode eit bestillingsbrev som styret skal arbeide etter. Fondsstyret er ansvarleg for at RFF Møre og Romsdal arbeider i tråd med formålet med ordninga og måla som er fastsette i bestillingsbrevet.
Fondsstyret skal:
- sørge for at det blir utarbeidd ein overordna handlingsplan (to til fire års varigheit) som blir rullert årleg, i tråd med bestillingsbrevet frå fylkeskommunen. Handlingsplanen skal prioritere bruken av fondsmidlane med omsyn til tematikk, målgrupper og vektlegging av dei ulike søknadstypane.
- utarbeide årleg budsjett
- sørge for at føresetnadene for offentlege tilskot til prosjekt blir overhaldne
- følgje opp prosjekt som er starta opp, med spesielt fokus på prosjekt der det er risiko for eller meldt om vesentlege avvik
- behandle sluttrapportar frå prosjekta
- utarbeide ein årsrapport om verksemda i fondsstyret som skal sendast til Kunnskapsdepartementet og til Norges forskingsråd etter behandling i fylkeskommunen jf. § 4 i forskrifta
- utarbeide ei løyvingsoversikt som viser bruken i fondsstyret av tildelte midlar
- sørge for at det blir informert om fondet og formidling av forskingsresultata frå prosjekta som har fått støtte frå fondet, medrekna: skape merksemd om og interesse for fondet blant aktuelle målgrupper/søkarar
- sørge for god kontakt, koordinering med verkemiddelapparatet elles
Ut over dette blir ansvaret skildra i forskriftene og i det årlege tilskotsbrevet frå Kunnskapsdepartementet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. desember 2024, kl. 18.14 CET
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.