2020 har fått fart på forskinga i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal er det minste av 11 regionale forskningsfond i Noreg, men har i 2020 behandla flest søknadar og gitt mest støtte.
Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal (RFF) har i år løyvd 29,6 mill. kroner til prosjekt som utviklar nye, innovative løysingar og produkt ved hjelp av forsking.
-2020 har ovre eit spesielt år. Eit stort omstillingsbehov i næringslivet vart ytterlegare utfordra av Covid 19. Regionalt forskningsfond har sørga for at mange innovasjons- og omstillingsprosessar har kunne starte. Ekstra løyvingar til fondet frå fylkespolitikarane og Kunnskapsdepartementet har gjort RFF til eit viktig regionalt verkemiddel i ei vanskeleg tid, seier næringssjef i fylkeskommunen og styreleiar i fondet, Bergljot Landstad.
Av totalt 74 søknadar har 31 bedriftsprosjekt og 4 kommunale prosjekt av høg kvalitet mottat mellom 500 000 og 2,1 mill. kroner i støtte frå fondet. Her er oversikten over alle prosjekt som har fått støtte frå RFF Møre og Romsdal.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 06.50 CET