RFF Møre og Romsdal løyver 13,6 mill. kroner til hovudprosjekt
Kamp mot gråskimmel på jordbær, robothjelp på varelageret, sildemelke som helsekost og digital formidling av kulturarv. Her er lista over kven og kva som får støtte frå Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal.
Styret i Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal behandla 15. september søknadane til hovudprosjekt, som vart lyst ut før sommaren.
Desse forskingsprosjekta får støtte:
Atlantic Lognline |
Produksjon og verdiskaping for frosne hvitfiskhoder fra lineflåten |
Sintef Ocean |
1 800 000 |
Currence Robotics |
Optimal volumutnyttelse i grossistbransjen med bruk av kunstig intelligens |
Sintef |
2 100 000 |
Rimfrost |
Ny hydrolyseprosess for krill til humant konsum |
Sintef Ocean |
1 500 000 |
M&R fylkeskommune |
Digital formidling av kulturarv |
NTNU Vsm |
1 900 000 |
Redox |
Ozonert vann mot botrytis (gråskimmel) i jordbær |
Norsøk |
2 100 000 |
Møreforsking |
Pilotlinje for kommersiell utnyttelse av sildemelke |
Møreforsking |
700 000 |
ÅKP / Legasea |
Effektiv og bærekraftig utnyttelse av sidestrømsprodukter |
SINTEF |
700 000 |
Abyss Aqua |
Optimalisering av notvaskoperasjoner (OPTIVASK) |
Møreforsking |
700 000 |
Kitin |
Energieffektiv og skånsom produksjon av krill |
SINTEF |
700 000 |
NTNU |
A Dashboard System for Maritime Crane Condition Monitoring |
NTNU |
700 000 |
NTNU |
The impact of sialic acid on growth and infectious diseases |
NTNU |
700 000 |
Så langt i 2020 er det delt ut 25 285 000 kroner til forskingsprosjekt. Ved inngangen av året hadde fondet eit budsjett på 16 mill. kroner. Grunna pandemien har Møre og Romsdal fylkeskommune og Kunnskapsdepartementet løyv ekstraordinære tilskot slik at ramma for 2020 er på 30 mill. kroner. Støttegraden er auka frå 50 prosent til 70 prosent.
Regionalt forskingsfond er ei ordning for å styrke forskingsevna i Møre og Romsdal gjennom tilskot til forskingsprosjekt og auka FoU-innsats. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 08.30 CET