Forskingsaktiviteten i Møre og Romsdal aukar

Prosjekt som har fått støtte til forsking har auka kraftig, og det er marin bransje som står for den største delen.

Dette viser årsrapporten frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal.
-Talet på innkomne søknadar, tal prosjekt-tildelingar og samla innvilga støttebeløp til verksemder i Møre og Romsdal har aldri vore høgare enn i 2020, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune og sekretariatsleiar i RFF Møre og Romsdal, Øyvind Herse. 

Sidan 2016 har det vore ein jamn auke i forskingsaktiviteten i Møre og Romsdal, og det kraftigaste hoppet skjedde i fjor.
-2020 var eit spesielt år, der omstillingsbehovet i næringslivet vart ytterlegare utfordra av pandemien. Med ekstra løyvingar frå fylkeskommunen og Kunnskapsdepartementet pluss oppsparte midlar, vart det mogleg å auke støttesatsane, seier Herse.

Årsrapporten for 2020 finn du her.

Flest prosjekt i marin bransje

Halvparten av søknadane i 2020 kom frå marin bransje. Bransjen er prega av mange og til dels nye bedrifter som driv i det biomarine fagfeltet. Også innovasjon i etablert sjømatproduksjon er blant prosjekta som har fått støtte.
Her kan du lese årsrapporten frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 06.47 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.