Utlysing: forprosjektmidlar til kompetanse og samarbeidsprosjekt (KSP)

Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal lyser no forprosjektmidlar til kompetanse og samarbeidsprosjekt (KSP-forprosjekt) der målet er å danne grunnlag for større kompetanse og samarbeidsprosjekt med støtte frå Forskingsrådet.

Forskingsorganisasjonar i Møre og Romsdal kan søke om inntil 250 000 kroner i støtte per forprosjekt. Midlane skal brukast til å konkretisere problemstillingar og rigge samarbeidskonsortium for ein hovudprosjektsøknad til Forskningsrådet. Søknaden til RFF Møre og Romsdal skal vise kvifor det er behov for å utvikle ny forskingskompetanse på eit spesifikt område, korleis det kan møte sentrale utfordringar i samfunnet og stimulere til Innovasjon i Møre og Romsdal.

Forprosjektet skal gjennomføre arbeid og aktivitetar som er nødvendig for å vidareutvikle prosjektideen, og avklare viktige forutsetningar for at ideen skal kunne realiserast. For eksempel:

  • Etablere samarbeidskonstellasjonar
  • Gjennomføre utgreiingar
  • Dokumentere kunnskaps- og forskingsfronten på området
  • Avgrense og definere forskingsutfordringar i form av problemstillingar som vil vere sentrale i eit hovedprosjekt

Forprosjektstøtta kan ikkje brukast til å utforme eller skrive sjølve hovudprosjektsøknaden.

Gå til utlysinga 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 06.55 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.