Lærer elevar meir ved å bruke penn på pc?
Digital undervisning er best for læraren, mens forsking viser at eleven lærer best ved å bruke penn og papir. Men kva om det var mogleg for eleven å skrive med penn på skjerm? Vil ein då få i pose og sekk?
Dette spørsmålet ligg til grunn for eit forskingsprosjekt som Ulsteinvik vgs skal i gang med.
-Ja, vi trur at ved å kombinere tradisjonell pedagogikk og digitale løysingar, vil vi kunne få det beste av to verder, seier prosjektleiar og lærar Sveinar Kleive ved Ulsteinvik vgs.
Til hausten startar skolen forskingsprosjektet saman med NTNU Trondheim, Høgskulen i Volda og Microsoft. Prosjektet fekk nyleg støtte frå Regionale forskningsfond Møre og Romsdal.
-Dersom forskinga viser at bruk av handskrift i klasserommet aukar læringsutbytte fordi hjernen jobbar betre, vil det opne for innovasjonar i læring på digitale flater. Det vil også utløyse eit behov for å utvikle nye undervisningsmetodar og utstyr som til no ikkje har vore tilgjengeleg.
Måle hjerneaktivitet og teste hukommelsen
For å undersøke læringsutbyttet, skal ei gruppe på 40 elevar frå Ulsteinvik vgs til Trondheim og til hjernelaben på NTNU. Der vil dei, under leiing av professor Audrey van der Meer, bli kobla til EEG apparat som måler hjerneaktiviteten mens dei utfører oppgåver.
-Det er viktig med fleire studiar som kan fortelje korleis den sensomotoriske bevegelsen knytt til tradisjonell handskrift påverkar den formbare hjernen hos barn og unge, og kva for betyding dette har for evne til å lære, seier Van der Meer.
I tillegg skal ein gjennomføre eit forsøk der ei gruppe elevar vil bruke tastatur og skjerm og ei anna gruppe penn og skjerm når dei tar notatar i klasserommet. Etterpå skal ein måle kva elevane husker og kva dei har lært.
-Å avdekke metodar som aukar læringsutbyttet kan ha konsekvensar både nasjonalt og internasjonalt, både med tanke på gjennomføring i vidaregåande skole og læring seinare i livet, seier Kleive.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 06.56 CET