Intelligente og mobile batteri kan gjere cruisetrafikken i Geirangerfjorden utsleppsfri innan få år
Mange arbeider hardt for å oppretthalde turiststraumen i Geiranger verdsarvområde. Men når dei nye utsleppsreglane trer i kraft i 2026, vil ikkje store cruiseskip lenger kunne legge til kai.
Løysinga kan ligge i mindre fartøy og eit innovativt konsept for batteribytte. NTNU med partnarar har no fått forskingsmidlar frå Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal (RFF) til å utvikle intelligente, mobile batteri. Prosjektet tek utgangspunkt i «Grøn kai» initiativet, som går ut på å oppretthalde turiststraumen til Geiranger sjøveg etter 2026.
Smarte batteri
-Å bruke batteri er krevande på grunn av høge kostnadar og vekt, spesielt i mindre skip, som for eksempel passasjerbåtar. I prosjektet skal vi sjå på korleis ein kan dra nytte av standardisering og masseproduksjon av bilbatteri, der kostnadane er 1/3 av maritime batteri, seier Jan Børre Rydningen i ÅKP.
-I dette prosjektet skal vi utvikle intelligente mobile batteri som fungerer som energiberarar mellom ladestasjonar og mindre fartøy. Dei er fleksible med tanke på plassering av ladestasjonar på land, og dei er fleksible med tanke på plassering og vektfordeling på båten. Dei intelligente mobile batteria vil køyre mellom brygga og båten på ein tilpassa leider, og bli kopla til og frå ved hjelp av standard pluggar. I tilfelle batteribrann vil dei truleg kunne køyre på sjøen som ei naudløysing, seier Irina-Emily Hansen ved NTNU Ålesund.
Fleire regionale industriaktørar deltek i prosjektet som kan resultere i nye og ombygde fartøy med kostnadseffektive batteriløysingar og tilhøyrande ladeløysingar til bruk i Geirangerfjorden men også i andre områder.
Prosjektet vart tildelt støtte i styremøte i september. Sjå oversikt over alle prosjekt som har fått støtte frå RFF Møre og Romsdal.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 03.58 CET