Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 8 mill. kroner til RFF Møre og Romsdal

Fylkespolitikarane løyver 8 mill. kroner til ekstra innsats for innovasjon i marint næringsliv.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

-RFF er et kraftfullt regionalt verkemiddel for kunnskapsbasert innovasjon i bedrifter og kommunar, seier leiar i utvalet, Marit Nerås Krogsæter. -Fondet opplever stor etterspurnad etter verkemidlar eigna for innovasjon i tidleg fase.

Fylkespolitikarane v/kultur- næring og folkehelseutvalet (KNF) vedtok i sitt møte i mars å styrke ramma til RFF på marin sektor med 8 mill. kroner frå Marint miljøsikrings og verdiskapingsfond. Det er Kunnskapsdepartementet som i hovudsak tilfører midlar til RFF, men departementet har dei siste åra redusert bevillingane. Fylkeskommunens styrking av RFF si ramme veg opp departementet si nedskalering og gjer det mogleg å oppretthalde nivået på satsinga i 2023.

Så langt i 2023 har RFF gitt støtte til 12 innovasjonsprosjekt. Blant desse finn vi Tjeldbergodden Rensefisk som, saman med Møreforsking, skal finne ut korleis styring av lys kan betre velferda hos berggylt, og på den måten auke lønsemda i bedrifta.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. juli 2024, kl. 07.41 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.