Endringar i RFF-ordninga

Det blir ikkje tildelt statlege midlar til RFF i 2024, men ordninga FORREGION MobPro held fram.

I 2023 har RFF løyvd til saman 25,6 millionar kroner i tilskot til 42 prosjekt. Støtta frå RFF har vore eit viktig verkemiddel for bedrifter, kommunar og forskningsmiljø i Møre og Romsdal som har gitt innovasjon, kunnskapsutvikling og omstilling.

Det er imidlertid ikkje tildelt statlege midlar til RFF i 2024. Men fylkeskommunen jobbar med å tilpasse og forsterke andre regionale ordningar for forskingsbasert innovasjon i næringslivet.

Prosjekt som har motteke tilskot frå RFF i 2023 eller tidlegare, gjennomførast som planlagt.  

Ordninga med forprosjekt i FORREGION MobPro vidareførast og med løpande søknadsfrister. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 04.11 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.