Gode resultat av FoU-prosjekt kan gjere oppdrettslaksen friskare

Forsøka i prosjektet viste høgare vekst og lågare dødelegheit enn kontrollgruppa. Dei gode resultata frå FoU-prosjektet gjer at Aquatics i Ørsta no vil kommersialisere teknologien og å gjere fiskevelferda i oppdrettsnæringa betre.

Aquatics i Ørsta jobbar med å betre fiskehelsa i oppdrettsnæringa. Med støtte frå Regionalt forskingsfond i Møre og Romsdal, har verksemda saman med lakseoppdrettarar og FoU-miljøa Nofima og NTNU i Ålesund, utvikla og testa nye metodar for å redusere sjukdom og død hos laks.

I prosjektet har ein funne ut at sialinsyrederivat i fiskefôr styrker slimlaget deira. Slik motverkar ein virussjukdomar som infeksiøs lakseanemi (ILA) og pankreassjukdom (PD). Effektane av sialinsyre er studert på cellenivå i laboratorium, og viser at sialinsyre gir meir robuste celler. Samtidig er det utført vekstforsøk frå liten fisk på land til stor fisk i sjøen. Forsøka som ble avslutta i 2024, har vist at fisk som er fôra med sialinsyre, har høgare vekst og lågare dødelegheit enn kontrollgruppa.

Aquatics vil no ta kunnskapen vidare med mål om å kommersialisere teknologien og bidra til å betre fiskevelferda i oppdrettsnæringa.

Aquatics fekk i 2022 løyvd 1,5 millioner kroner frå Regionalt forskingsfond i Møre og Romsdal til det toårige prosjektet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 18.02 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.