Simuleringsbasert beslutningsstøtte for helselogistikk

Planlegging av operasjonar på sjukehus er ei kompleks oppgåve som krev koordinering av legar, sjukepleiarar, ustyr og operasjonsstuer. Det er mange ressursar som skal koordinerast, og dette blir ofte gjort ved bruk av separate, manuelle system, utført av flere.

Illustrasjon generert av KI

Bedrifta Axbit har saman med SINTEF og Helseforetaket i Møre og Romsdal, utforska korleis ein brukarvenleg prototype, støtta av simulering, kan forbetre planlegginga ved Ålesund sjukehus. Hovudmålet har vore å legge grunnlaget for eit framtidig planleggingsverktøy for personell i helsevesenet. 

Prosjektet har med hjelp frå katapulten DigiCat, brukt eit simuleringsbasert verktøy. Kunnskapen og prototypen som er utvikla, kan bli brukt til å løyse bemanningsutfordringar og andre utfordringar i drifta og planlegging ved sykehuset.

I neste fase av prosjektet vil ein inkludere fleire detaljar i planleggingsprosessen og optimalisere verktøyet for sjukehusa.

Prosjektet har fått støtte av Regionalt Forskningsfond i Møre og Romsdal.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 12.36 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.