Kven kan søke om finansiering?
Næringsliv og forskingsinstitusjonar kan søke. Privatpersonar kan ikkje søke.
Næringsliv
Næringsliv i alle bransjer med registrert forretningsadresse i Møre og Romsdal kan søke om finansiering frå RFF Møre og Romsdal.
Søkar må vere forankra i Møre og Romsdal, men kan fritt velge dei FoU-miljøa dei ønsker å samarbeide med, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt.
Forskingsorganisasjonar
Universitet, høgskolar og FoU-institusjonar i Møre og Romsdal kan søke når det er i samarbeid med ein eller fleire bedrifter og/eller aktørar i kommunal sektor. Bedriftene og kommunane må være geografisk lokalisert i regionen