Kva kan du søke finansiering til?
Du kan søke finansiering til prosjekt som bidrar til å løyse utfordringar og behov som næringslivet i Møre og Romsdal har. Prosjekta skal føre til innovasjon, ny kunnskap og styrke forretningsmoglegheitene for bedriftene.
Kvalifiseringsprosjekt
Dette er prosjekt som normalt pågår inntil 12 månader.
Det kan søkast om inntil 500 000 kroner i støtte.
Det er krav om minimum 50 % eigenfinansiering fra prosjektpartnarane i form av timar eller pengar.
Det skal vere ein klar intensjon om vidareføring til hovudprosjekt. Prosjektet skal ha eit tydeleg forskingsinnhald, og det vil bli lagt vekt på innovasjonshøgden i prosjektet.
Behandlingstid: om lag 2-4 månader.
Mobiliseringsprosjekt (MobPro)
MobPro er ei ordning for bedrifter med liten erfaring med forsking og utvikling.
Du kan søke forprosjektmidlar på inntil 400 000 kroner til kjøp av tjenester frå eit forskingsmiljø.
Forprosjektet må vere om "mogleggjerande teknologi" eller "berekraftig og smarte løysingar", og det må ha eit tydeleg innovasjons- og forskingsinnhald.
Det er Forskingsrådet og Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.