Besøksforvaltning og lokalsamfunnsutvikling i fjordlandskap
Ved årsskiftet vart prosjektet om bruksretta besøksforvaltning i verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap starta opp.
Geiranger
Prosjektet er støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet, verdsarvkommunane, fylkeskommunane og Miljødirektoratet. Det har allereie fått merksemd i media.
Held grendemøte i verdsarvområde
Prosjektet skal, gjenom innspela frå grendemøta , lage ein besøksforvaltningplan for verdsarvomrdået. Ein plan som ska leggja til retta for at både dei som vitjar verdsarvområdet og dei som bur der, skal sitja att med positive opplevingar. På grendemøta deltek folkevalde, representantar for kommunane, fylkeskommunane, reiselivsnæringa, saman med lokalbefolkninga.
Det er lagt opp til fire møte i Nærøyfjorden verdsarvområde og fire møte i Geirangerfjorden.
Les meir i Sogn Avis: Held grendemøte i verdsarvområda
Verdsarvturistar blir sjekka
I juli vart turistar i Nærøyfjordområdet i Sogn kartlagt. Meir enn 3.000 turistar i Vestnorsk fjordlandskap fekk i sommar spørsmål i ei undersøking om turisme, lokal verdiskaping og det å ta vare på verdsarven.
Les heile saka i Sunnmøringen: Verdsarvturistar blir sjekka
- Publisert:
- 04.11.2015
- Sist oppdatert:
- 13.09.2016