Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

Invitasjon til Årskonferanse for Regionale forskingsfond 2018 på Sola

På konferansen den 11. – 12. september ser vi spesielt på samspelet mellom regional og nasjonal forskingspolitikk i lys av regionreforma. Vi får innsikt i regionale forskings- og innovasjonssystem og blir kjend med nye forskingsresultat.

Tre fylkesordførarar f.v. Jenny Følling, Sogn og Fjordane, Anne- Gine Hestetun, Hordaland og Solveig Ege Tengesdal, Rogaland.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og Forskingsrådet sin administrerande direktør John-Arne Røttingen kjem, saman med fleire fylkesordførarar, sentrale personar i forskingsmiljø og samarbeidspartnarar til dei regionale forskingsfonda. Kjem du?

Årskonferansen til Regionale forskingsfond er ein arena for å drøfte regional innovasjon og forsking. Med dei komande endringar av det regionale kartet er det venta mange nye utfordringar innan forskingsfeltet. Ekspertutvalet  som har vurdert nye oppgåver til fylkeskommunane har ambisiøse forslag. Dette blir tema på fyrste dag. I tillegg får du «RFF-torget» med gode eksempel på forskingsresultat og korleis dei regionale fonda jobbar. 

Andre dag blir tema korleis forsking kan støtte opp om innovasjon i bedrifter og offentleg sektor.  

Kven er målgruppa?

Til konferansen inviterer vi lokale og regionale styresmakter, verkemiddelapparat, forskingsmiljø, samarbeidande organisasjonar og departementa. 

Dei regionale fonda vil vere godt representert med både administrasjon og styrer. Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland sit i styret for RFF Vestlandet og vil delta aktivt på konferansen. 

Tid og stad  

Konferansen finn stad tysdag 11. til onsdag 12. september på Sola Strand hotell, frå lunsj til lunsj. Hotellet ligg like ved ei av dei finaste sandstrendene på Jæren (https://sola-strandhotel.no/). Kort køyretur til Stavanger lufthamn. 

Noter datoane. I løpet av april vert nærare informasjon om program og påmelding lagt ut på nettsidene til dei regionale forskingsfonda

Har du spørsmål, kontakt Regionalt forskingsfond Vestlandet på forsking@hfk.no.

 

Venleg helsing RFF Vestlandet ved 
 

Jenny Følling
Fylkesordførar Sogn
og Fjordane 
(styrelaiar)  
Solveig Ege Tengesdal
Fylkesordførar Rogaland
(styremedlem)  
Anne- Gine Hestetun
Fylkesordførar Hordaland
(nestleiar)

 

Skrevet av:
Randi Lotsberg
Publisert:
21.02.2018
Sist oppdatert:
22.06.2018