Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

Velkomen til Årskonferanse for Regionale forskingsfond 2018

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og Forskingsrådet sin administrerande direktør John-Arne Røttingen kjem, saman med fleire fylkesordførarar, sentrale personar i forskingsmiljø og samarbeidspartnarar til dei regionale forskingsfonda. Kjem du?

No kan du melde deg på konferansen den 11. – 12. september. Vi ser vi spesielt på samspelet mellom regional og nasjonal forskingspolitikk i lys av regionreforma. Vi får innsikt i regionale forskings- og innovasjonssystem og blir kjend med nye forskingsresultat. 

Påmelding og praktisk informasjon

Årskonferansen er på Sola Strand Hotel. Vi startar med lunsj 11. september kl. 11.30. Programmet startar klokka 12.30. Vi avsluttar med lunsj kl. 12.30 den 12. september.

Sola Strand Hotel ligg ein kort kjøretur frå Stavanger lutfhamn Sola. Vi rår til å å nytte taxi frå flyplassen. Hotellet ligg om lag ein mil frå Stavanger og Sandnes og ein kjem lett til med buss.

Prisen for full konferansepakke er kr. 3500. Dette inkluderer overnatting tysdag til onsdag, middag tysdag og lunsj begge dagar. For eventuell overnatting andre dagar, ta kontakt med hotellet.

Dagpakkar med deltaking tysdag eller onsdag kostar kr. 1000. Lunsj er inkludert.

Bindande påmelding seinast 16. august. Påmelde vil få tilsendt faktura. 

MELD DEG PÅ HER

Program


TYSDAG 11. SEPTEMBER

Lunsj 11.30

Opning (kl 12.30)

› Velkomen til Rogaland og Sola– Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal
› Kunstnarisk velkomen

Nye forskingsregionar – kvar går vegen vidare

Samspelet mellom regional og nasjonal forskingspolitikk i lys av regionreforma.

› Kort introduksjon til tema
Ved møteleiar/ordstyrar, Lars Helle, sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad

› Introduksjonsforedrag– Regionale forskingsfond gir resultat!
Jenny Følling, styreleiar i RFF Vestlandet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

› Regionane si forskingspolitiske rolle i eit kunnskapsbasert Noreg 
Iselin Nybø, Forskings- og høgare utdanningsminister.

› Forskingsrådet og samarbeidet om det regionale arbeidet med mobilisering og finansiering av forsking 
John-Arne Røttingen, administrerande direktør Noregs forskingsråd.

Beinstrekk

› Regionale forskingsfond sin betydning for forskingsbasert innovasjon i næringslivet.
Torfinn Haaland, forskingskoordinator GE Healthcare AS, Lindesnes

› KS sitt syn på dei nye fylkeskommunane og ei forsterka rolle knytt til forsking Helge Eide, Områdedirektør interessepolitikk, KS.

› Paneldebatt: 2 milliarder til regional forsking?
Iselin Nybø, John-Arne Røttingen, Jenny Følling, Torfinn Haaland, Rune Fredriksen (styreleiar i Oslofjordfondet), Helge Eide.
Lars Helle er debattleiar

Pause/pausemat

RFF torget – lær meir om korleis fonda arbeider og får resultat (kl. 15.45 - 17.15)


› På RFF-torget vil kvart fond presenterer seg på stand. Anledning til å møte både styremedlemer og sekretariat frå dei ulike regionane. Det vil også vere scene med korte prosjektpresentasjonar i plenum.

Ettermiddagsprogram (kl. 17.30 - 18.45)


› Tilbod om guida tur på Sola strand; Kulturminner, naturforvaltning og vandring på mjuk sand.

Kveldsprogram (kl. 19.30)

› Kokkens utvalde middagsmeny! Sola Strand hotell
› Konsert med Tønes
Opplev artist, gitarist og låtskrivar Frank Tønnesen frå i Hauge i Dalane i Sokndal, lengst sør i Rogaland 


ONSDAG 12. SEPTEMBER

Forskingsstøtta innovasjon i bedrifter og offentleg sektor (kl. 09.00)
«Nye stiar – nye vegar»
 

› Regionale innovasjonsprosessar – drivkrefter og påverknad.
Ragnar Tveterås, Professor ved Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger (UiS) og leiar for Centre for Innovation Research ved UiS/IRIS

› Forskingsresultat og resultat i marknad
Olav Steimler, direktør prosjekt og kommunikasjon, Ervik Havfiske Gruppen på Stadtlandet

› FORREGION – mobilisering til forsking i bedrift og samarbeid med RFF
Stein Erik Fjellstad, rådgivar forsking og innovasjon, Vestfold fylkeskommune

› Innovasjon i offentleg sektor, Forskingsrådets virkemidler og samarbeid med RFF 
Ane Marte Rasmussen, Forskingsrådet  

Pause med matbit

› Korleis jobbar vi med forsking og innovasjon i vår kommune?
Rådmann Ingrid Nordbø, Sola kommune

› Korleis samarbeider vi om mobilisering til forsking i offentleg sektor mitt fylke?
Bergljot Landstad, Regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

› Mobilisere til forsking og innovasjon. Finne gode stiar – nye vegar.
Plenumsdrøfting

Oppsummering – dei viktigaste momenta frå konferansen (kl. 12.15)
Ved Toini Løvseth, styreleiar i RFF Nord-Norge 

Takk for denne gang/avslutning
Ved fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal og styreleiar i RFF Vestlandet, Jenny Følling.
 

Lunsj (kl. 12.30)

 

Skrevet av:
Randi Lotsberg
Publisert:
03.05.2018
Sist oppdatert:
21.08.2018