8,5 millionar til fire nye forskingsprosjekt
Korleis forlenge levetida for litiumbatteri, konsept for å gjere hydrogen betre eigna til bruk i skipsfart, betre grovfôrproduksjon til landbruket og større verdiskaping frå oppdrett av aure. Dette er tema i nye forskingsprosjekta som har fått tildelt støtte frå Regionalt forskingsfond Vestland.
Til saman gir fondet støtte til fire nye forskingsprosjekt i regi av bedrifter og forskingsorganisasjonar i Vestland. Forskinga skal få fram nye løysingar for klimaomstilling og det grøne skiftet.
– Vi set stor pris på alle søknadar som kjem inn, og vi gler oss over at også i år er prosjekta som får støtte både gode og særs relevante . Her skal bedrifter og forskingsorganisasjonar samarbeide tett for å få fram nye forskingsbaserte innovasjonar. Slikt samarbeid må til for å møte dei utfordringane næringslivet i Vestland står framfor, seier Jon Askeland, styreleiar for forskingsfondet og fylkesordførar i Vestland.
Regionalt forskingsfond Vestland lyste i fjor haust ut midlar til fleirårige forskingsprosjekt som bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i kunne søkje på. Klimaomstilling og grønt skifte samt Samfunnstryggleik og beredskap var tema for utlysinga. Berre bedrifter og forskingsorganisasjonar nådde fram i denne runden.
– Eg synest vi har fått litt for få søknadar frå kommunal sektor. Der har både vi og kommunane ein jobb å gjere framover, seier Jon Askeland.
Lengre levetid for batteri ved hjelp av ultralyd
Eit av prosjekta som fekk støtte er NORCE sitt prosjekt om måling og analyse av litiumbatteri. Litiumbatteri spelar ei stadig viktigare rolle i transportsektoren, både til havs og på land. Elbil-batteri vert gjerne rekna som klare for utskifting når dei hamnar på 80 prosent av original kapasitet, men brukbare battericeller og modular kan framleis ha potensiale for å nyttast i andre samanhengar. Hittil har det vore vanskeleg å avgjere helsetilstanden på brukte litiumsbatteri, noko som skapar vanskar når ein skal sette verdi og sortere batteria til attbruk eller resirkulering. NORCE har no fått støtte til eit prosjekt som skal etablere ein metodikk for å analysere helsetilstanden til batteri, ved hjelp av ultralydteknologi. Dei samarbeider med Corvus Energy AS og fleire sentrale aktørar innan batteriteknologi i Noreg.
Prosjekt 332732 Måling og analyse av litiumbatterier og batterimoduler med hjelp av ultralyd fekk tilsegn om 3 mill. kr i støtte.
Grovfôrproduksjonen må tilpasse seg klimaendringane
Eit anna av prosjekta som fekk støtte var Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) sitt prosjekt om tidleg gjødsling og hausting for meir og betre grovfôr. Klimaendringar har ført til lengre vekstsesong og grovfôrproduksjonen i Vestland må tilpassast dette og optimalisere bruken av husdyr- og mineralgjødsel. GrovfôrVekst er eit treårig forskingsprosjekt der hovudmålet er å sjå på effekten av tidlegare vårgjødsling og hausting av enga på gjødselutnytting, fôrkvalitet og fôrkostnadar i mjølkeproduksjon på storfe. Prosjektet er i samarbeid med sentrale landbruksorganisasjonar, Tine SA og Felleskjøpet AGRI SA.
Prosjekt 332665 Tidleg gjødsling og hausting for meir og betre grovfôr fekk tilsegn om 2 525 000 kr i støtte.
Kjøling av hydrogen som drivstoff
Enerin AS har i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Hydrogen Solutions AS fått støtte til eit forskingsprosjekt der ein ønsker å utvikle eit konsept for flytandegjering av hydrogen ved hjelp av ein ny kjølemetode. Flytande hydrogen er identifisert som ein viktig faktor for energiomlegging i skipsfart, og lengre fram i tid også luftfart. Ei løysing på dette er viktig når ein framover skal utvikle marine hydrogenfyllestasjonar langs kysten.
Prosjekt 332755 Stirling-kryokjøling for småskala-flytendegjøring av hydrogen fekk tilsegn om 1 043 000 kr i støtte.
Vil produsere rogn og kjøt frå same fisk
Norge har potensial til å bli verdsleiande innan berekraftig produksjon av rogn frå aure til ein veletablert marknad for ”raud kaviar”. Svanøy Havbruk AS har fått støtte til eit forskingsprosjekt som tek sikte på å produsere konsumrogn og fiskekjøt av god kvalitet av same fisk, etter eitt år i sjø. I dag er dette vanskeleg å få til då rognproduksjon krev at fisken er minst to år i sjøen. Dette aukar på si side sjansane for lakselus og høgare dødelegheit.
I samarbeid med forskingsinstituttet NOFIMA ønsker Svanøy Havbruk AS å sjå nærare på moglegheita for å framskynde kjønnsmodninga av fisken mellom anna ved hjelp av lys, temperatur og fôr. Eit vellukka resultat her vil kunne auke verdiskapinga frå oppdrett av aure vesentleg.
Prosjekt 332728 Kombinert produksjon av konsumrogn og matfisk av ørret etter ett år i sjø fekk tilsegn om 2 mill. kr i støtte.
Oversikt nye prosjekt med støttebeløp
Prosj.nr. |
Prosjekttittel |
Prosjektansvarleg |
Prosjektleiar |
Sum (1000 kr) |
332665 | Tidleg gjødsling og hausting for meir og betre grovfôr | NIBIO - NORSK INSTITUTT FOR BIOØKONOMI | Steinshamn, Håvard | 2 525 |
332728 | Kombinert produksjon av konsumrogn og matfisk av ørret etter ett år i sjø | SVANØY HAVBRUK AS | Olsen, Stein Harris | 2 000 |
332732 | Måling og analyse av litiumbatterier og batterimoduler med hjelp av ultralyd | NORCE Teknologi/Energi VESTLAND | Nævdal, Geir | 3 000 |
332755 | Stirling-kryokjøling for småskala-flytendegjøring av hydrogen | ENERIN AS | Høeg, Arne | 1 043 |
Alle søkjarar vil få brev med kopi av vedtak og vurdering av søknaden.
Dei som har fått støtte vil bli invitert til møte med sekretariatet for ein gjennomgang av prosjektet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 06.52 CET