Lyser ut 10 millionar til regionale innovasjonsprosjekt og samarbeidsprosjekt
Prosjekta skal bidra til industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland eller å styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør. Søknadsfristen er 21. september 2022 og prosjektoppstart i 2023.
Utlysingane er publiserte som førebels. Utlysingstekstan er no ferdige. Du kan opprette søknad frå 10. august.
Kva er tema for utlysingane og kven kan søkje?
Industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland - for bedrifter
Bedrifter kan søkje om innovasjonsprosjekt innan dette temaet. Dersom ei stor bedrift søkjer er det krav om samarbeid med ei SMB-bedrift i Vestland
Gå til førebels utlysing Regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet
Styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør - for kommunar
Kommunar kan søkje om innovasjonsprosjekt innan temaet. Legg spesielt merke til at her er det krav til samarbeid med ein annan kommune i Vestland og ein godkjend forskingsorganisasjon.
Gå til førebels utlysing Regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor
Forskingsorganisasjonar i Vestland kan søke innan begge tema: Industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland og Styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør. Det er krav om minst to norske samarbeidspartnarar frå næringsliv og/eller kommunal sektor i prosjektet. Minst ein må vere lokalisert i Vestland fylke.
Gå til førebels utlysing Regionale samarbeidsprosjekt
Dei ulike søknadstypane
Alle prosjekta skal ha eit omfattande innhald av forsking og utvikling (FoU) og stimulere til auka innovasjon og berekraftig verdiskaping i Vestland.
Innovasjonsprosjekt i næringslivet er leia av ei bedrift i Vestland. Prosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til innovasjon og berekraftig verdiskaping for bedriftene som deltek i prosjektet og gi samfunnsøkonomiske gevinstar i Vestland fylke. Prosjekta skal bidra til industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland.
Innovasjonsprosjekt i kommunal sektor er leia av ei kommunal verksemd i Vestland. Prosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til å styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør. Prosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for kommunane og inngå i dei kommunale verksemdene sine planer for utvikling.
Samarbeidsprosjekt er leia av ein forskingsorganisasjon i Vestland og skal utvikle ny kunnskap og bygge forskingskompetanse som kommunane og/eller næringslivet i Vestland treng for å møte viktige samfunnsutfordringar. Prosjektet skal stimulere og støtte samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og næringsliv/kommunal sektor i Vestland og danne grunnlag for innovasjon og berekraftig verdiskaping.
Samla pott på 10 millionar
Kvart forskingsprosjekt kan få mellom 1-3 millionar kroner i støtte. Når vi har 10 millionar i potten til dei tre utlysingane, er det berre rom for å gi støtte til nokre få prosjekt.
Søknadsfristen er 21. september 2022. Prosjekta kan tidlegast starte opp i 2023.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 07.04 CET