Årsrapport 2021 for Regionalt forskingsfond Vestland
No kan du lese årsrapport 2021 for Regionalt forskingsfond Vestland. Den gir oversikt over nye prosjekt. I årsrapporten kan du også lese meir også om nokon av prosjekta som vart sett i gong eller avslutta i 2021.
Foto:Morten Vandvik /Vestland fylkeskommune
I 2021 starta 25 forprosjekt opp med støtte frå fondet. Fem nye hovudprosjek fekk støttet. Hovudtyngda av prosjekta var retta mot nye klimatiltak, betre energiløysingar og meir berekraftig ressursforvalting i privat eller kommunal sektor.
Fondet fekk mange søknader frå bedrifter og forskingsorganisasjonar, men skulle gjerne hatt fleire frå kommunal sektor.
I årsrapporten kan du også lese meir også om nokon av våre prosjekt:
- Kan vi fly inn i framtida med båt?
- Er det mogleg å drive oppdrett av regnbogeaure til matfisk og samtidig produsere rogn til konsum?
- Er karbonnegative møbel mogleg?
- Korleis kan eksisterande bygg bli meir berekraftige?
- Korleis lagar vi kommunale klimabudsjett i tråd med Parisavtalen?
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 07.03 CET
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.