Lyser ut 3 millionar til RFF-forprosjekt i 2023

Prosjekta skal vere eit innleiande forskingsarbeid og medverke til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt). Utlysinga blir publisert tidleg i mars. Søknaden må vere send innan 3. mai for å rekka styrebehandling 20. juni.

Bilde av to hurtobåter i forgrunnen av bildet. Bildet viser og husstander og annen bebyggelse langs kysten. Himmelen er grå
Foto: Morten Wanvik/Hordaland fylkeskommune

Aktuelle temaområde for denne utlysinga

Utlysninga er i hovudtrekk ei vidareføring av utlysninga Regionale forprosjekt RFF Vestland 2022. Bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i Vestland kan søkje.

Tema er:

Meir forsking som bidreg til lønsame arbeidsplassar, grønt skifte, berekraftige produksjonsprosessar og ny klimavenleg eksportretta industriutvikling:
A. Berekraftig og eksportretta industriutvikling og dessutan havøkonomi
B. Sirkulær økonomi – berekraftig ressursforvaltning
C. Bioøkonomi «blå» og» grøn» - produksjon av mat og berekraftig bruk av biologiske ressursar
D. «Grøn» gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien

Ein offentleg sektor som saman med forskingsorganisasjonar utviklar og tek i bruk ny relevant kunnskap som kan styrkja innovasjonskraft og tenestetilbodet:
E. Innovasjon i offentleg sektor – med vekt på kommunar og fylkeskommunar
F. Klimatilpassing – generell samfunnstryggleik og beredskap

Utlysinga blir publisert ca. 10. - 14. mars

Utlysinga har ei samla pottt på 3 millionar kronar. Kvart forskingsprosjekt kan få mellom 200 - 500 000 kroner i støtte.

Du må senda søknaden innan 3. mai for å søknaden behandla innan 20. juni.

Som del av fylkeskommunen si marin satsing vil det kanskje kome ei eiga utlysing av forprosjekt i løpet av våren.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. desember 2024, kl. 19.18 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.