Marin satsing 2023

Regionale forskingsfond vidareførar marin sating til hausten. Søknader som vart innleverte innan 10. oktober vil bli behandla på styremøte i slutten av november.

Foto: Morten Wanvik

Haustens marine utlysing er tematisk lik utlysinga vi hadde tidlegare i år. Utlysinga er tematisk avgrensa til prosjekt som kan bidra til å løyse typiske vestnorske problemstillingar som marin næring opplever.

Utlysinga er retta mot bedrifter.

Tema er:

1. Teknologi- og produksjonsutfordringar i oppdrett

  • Lus, fiskesjukdomar, samt eit høgt tal fisk som døyr før slakting, er eit særleg stort problem for lakseoppdrett i Vestland fylke. Vi treng ny kunnskap om korleis vi kan redusere dødelegheit og betre fiskevelferda gjennom optimalisering av ulike produksjonsmetodar.
  • Det er framleis behov for forsking kring løysingar knytt til lakselus og oppdrettslaksen sin negative påverknad på vill laks.
  • Vi treng også kunnskap om korleis vi kan løyse utfordringar knytt til produksjon av aure, torsk og utvikling av tare som oppdrettsartar.
  • Vidare er det behov for forsking som legg til rette for betre bruk av industridata & digitalisering for å møte teknologi- og produksjons-utfordringar i oppdrettsnæringa.

2. Ei sirkulær oppdrettsnæring i Vestland

  • Slam frå fiskeoppdrett er ein ressurs som vert nytta i for liten grad. Slikt slam har i mange tilfelle eit høgt næringsinnhold og ei rekke potensielle bruksområde. Vi treng ny kunnskap som bidrar til høgare bruksgrad av slam frå fiskeoppdrett.
  • I fiskeoppdrett vert det nytta ulike typar plast, særleg i den sjøbaserte matfisk-fasen. Det er behov for forsking som kan bidra til redusert mengde plast på avvege Det er også behov for ny kunnskap om korleis auke levetida på plast komponentar, moglegheiter for reperasjon, gjenbruk og forbetra teknologi for gjenvinning av materiale.

3. Meir berekraftig fiskefôr

  • Det er mange utfordringar knytt til produksjon av meir berekraftig fôr til oppdrettsfisk. Til dømes er heile 2/3 av klimautsleppa frå fiskeoppdrett knytt til produksjon og transport av fiskefôr. Dette heng mellom anna saman med at berre 1/10 av råvarene har norsk opphav. Det er behov for forsking som gir ny kunnskap om korleis ein kan utnytte norsk råstoff til fiskefôr på ein betre måte. Særleg er det ønskjeleg med forsking som rettar seg mot produksjon, teknologi og biologi knytt til råvarer som blåskjel, tunikatar, makroalgar, insekt, gras, mikroalgar, sopp, bakteriar, kril, mesopelagisk fisk og raudåte, osb. – samt bi-produkt frå fiskeri, havbruk, og landbruk.

 

 

 

 

 

 

 

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. desember 2024, kl. 20.06 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.