Gjennomført

Regionale forprosjekt (kvalifiseringsprosjekt) for bedrifter, kommunal sektor og forskingsorganisasjonar (2021)

  • Utlysinga har løpande innsending. Du kan ikkje redigere ein søknad som allereie er sendt inn. Ved behov for endringar må du trekke den fyrste søknaden og opprette ein ny søknad. Sist innsendt søknad blir behandla.
  • Utlysinga er aktiv så lenge det er midlar igjen på budsjettet.
  • Frist for behandling i neste styremøte er: 16. desember
  • Melding 20. januar 2021: I denne utlysninga er det berre krav om at CV skal vere på maks 4 sider. (Sjå difor bort frå det som står i eSøknadsskjemaet om at "Mal for CV skal brukes".)
  • Melding 26. mars: Vi har lagt inn forklaring på kva faktisk samarbeid betyr i punktet Krav til samarbeid i prosjektet.
  • Melding 21. juni 2021: Under «Hvem kan delta i prosjektet» er det presisert at aktørar i og utanfor Vestland kan delta. (Krav til samarbeid er ikkje endra.)
  • Melding 23. august 2021: Det er presisert at maksimum varigheit på prosjekta er 12 månader og at søknaden kan vere på nynorsk, bokmål eller engelsk

Viktige datoer

18. des. 2020

Utlysinga vert aktiv

21. jan. 2021

Frist innsending av søknader til behandling på styremøte 25. febr.

25. feb. 2021

Styret behandler søknader motteke pr. 21. jan.

25. mars 2021

Frist innsending av søknader til behandling på styremøte 6. mai

6. mai 2021

Styret behandler søknader motteke pr. 25. mars

19. aug. 2021

Frist innsending av søknader til behandling på styremøte 23. sept.

23. sep. 2021

Styret behandler søknader motteke pr. 19. august

28. okt. 2021

Frist innsending av søknader med oppstart i 2022 til behandling på styremøte 9. des. (dersom midlar igjen)

Søknader kan tidlegast ha oppstart 1.1.2022

9. des. 2021

Styret behandler søknader motteke pr. 28. oktober

16. des. 2021

Frist innsending av forprosjektsøknad til behandling på styremøte 27. januar

27. jan. 2022

Styret behandler søknader motteke pr. 16. desember

Viktige datoer

Formål

Forprosjektet skal vere eit innleiande forskingsarbeid. Forprosjektet skal medverke til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt), som støtter opp om innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland.

Om utlysningen

RFF Vestland lyste ut inntil 9 millionar kroner til forprosjekt i 2021. Desse midla er no brukt opp. Det er opna for å sende inn søknader med oppstart tidlegast 1. januar 2022. Samla budsjettramme for forprosjekt i 2022 er 8 millionar.   

Utlysinga er open for løpande søknadsinnsending, men søknader vil verte behandla på styremøte 4 gonger i året. Det er ikkje er mogleg å endre på ein søknad som alt er levert, slik det er ved utlysing som har fast søknadsfrist. Har du behov for å endre på innsendt søknad må du trekke den og deretter opprette ein ny søknad. Sist innsendt søknad blir behandla.

Søknadene vert behandla på 4 styremøte. For å rekke styrebehandling til eit bestemt møte må søknaden vere levert innan følgjande datoar:  21. januar, 25. mars 19. august 2021, 28. oktober 2021.

Bedrifter og kommunar kan søkje om kvalifisering til innovasjonsprosjekt.
Forskingsorganisasjonar kan søkje om kvalifisering til samarbeidsprosjekt.

Eit forprosjekt skal:

  • Leie fram til ein søknad om hovudprosjekt (Innovasjonsprosjekt i næringslivet eller kommunal sektor, samarbeidsprosjekt eller tilsvarande søknadstypar i Horisont Europa)
  • Løyse forskingsutfordringar som er kritiske for å etablere og/eller gjennomføre eit hovudprosjekt
  • Ha klart definerte forskingsspørsmål
  • Dokumentere kor prosjektet står i forhold til kunnskaps- og forskingsfronten

Støtte kan ikkje nyttast til:

  • Kartlegging av litteratur og forskingsfronten
  • Marknadsundersøkingar og marknadsføring
  • Etablering av nettverk og klynger
  • Å skrive ein hovudprosjektsøknad

Tips til søknadsprosessen

Bruk gjerne Forskingsrådet sitt verktøy prosjektkanvas i planlegging av prosjektet.  Her kan du lese om prosjektkanvas og andre tips til søknadsprosessen.

Hvem kan søke?

Bedrifter, kommunar og godkjende forskingsorganisasjonar i Vestland.

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg.
Prosjektansvarleg må vere anten:

  • Ein bedrift eller samanslutningar av bedrifter lokalisert i Vestland som er registrert i det norske foretaksregisteret. Kommunale føretak som driv verksemd av industriell eller forretningsmessig karakter kan også søkje.
  • Ein kommunal organisasjon i Vestland, inkludert fylkeskommunen og interkommunale samarbeidsorganisasjonar/verksemder
  • Ein godkjend forskingsorganisasjon lokalisert i Vestland

Bedrifter og kommunar kan søkje om kvalifisering til innovasjonsprosjekt.
Godkjende forskingsorganisasjonar kan søkje om kvalifisering til samarbeidsprosjekt.

Søknaden skal vere forankra i søkjarorganisasjonen/verksemda si leiing og eigne strategiar. Dette må kome tydeleg fram i søknaden.

Søkjar må sikre finansiering av prosjektet ut over støtte frå RFF Vestland og vil være prosjektansvarleg ved kontraktsinngåing med RFF Vestland.

Krav til samarbeid i prosjektet:

I tillegg kan fleire aktørar i og utanfor Vestland delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.

Krav til søknader frå bedrifter:
- Prosjektansvarleg må dokumentere relevant forskingskompetanse i partnarskapen eller gjennom innkjøp frå ein FoU- leverandør.
- dersom stor bedrift søkjer, er det krav til faktisk samarbeid med ein SMB-bedrift i Vestland fylke. Definisjon av bedrift og storleik følgjer EU sitt regelverk, sjå forklaring på Skattefunn si nettside.

Krav til søknader frå kommunar/fylkeskommunen:
- søkjar må ha faktisk samarbeid med minst ein annan kommune, i tillegg til ein godkjend forskingsorganisasjon.
- I prosjekt der det er relevant, bør ein legge opp til brukarmedverking, og brukarperspektivet bør vere tydeleg.

Krav til søknader frå godkjende forskingsorganisasjonar:
- må ha eit faktisk samarbeid med to eller fleire samarbeidspartnarar frå næringsliv og/eller kommunal sektor, der minst ein er lokalisert i Vestland.

- Det må kome fram i søknaden at prosjektet er strategisk forankra hos alle samarbeidspartnarane, og korleis dei deltek aktivt i prosjektet. Søknaden skal vise til kunnskaps- og innovasjonsbehov i næringsliv eller kommunal sektor i Vestland.

- Prosjektet skal ha ei styrings- eller referansegruppe med representasjon frå samarbeidspartnarane.

Kva betyr faktisk samarbeid?

En samarbeidspartnar skal gjennomføre FoU-prosjektet i faktisk samarbeid med prosjektansvarleig og andre eventuelle samarbeidspartnarar. Eit slikt samarbeid er kjenneteikna av at partane utvekslar kunnskap eller teknologi for å nå eit felles mål på grunnlag av arbeidsdeling i prosjektet. Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarane definerer i fellesskap omfanget av prosjektet, bidrar til gjennomføring av prosjektet og deler risikoer og resultat. Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarane skal avtale fordeling av rettigheiter og pliktar knytt til prosjektgjennomføring og prosjektresultat i ein samarbeidsavtale. (Dersom prosjektet får støtte. Det er ikkje krav til å leggge slik avtale ved søknaden.)

Hva kan du søke om støtte til?

Hva kan du søke om støtte til?

  • Forskingsorganisasjonar: Inntil 90% støtte av godkjende prosjektkostnader. Samarbeidspartnarane frå næringslivet og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor skal dekke minst 10% av totale prosjektkostnader i form av eigeninnsats eller kontantbidrag. RFF Vestland si finansiering skal berre gå til forskingsorganisasjonane sin ikkje-økonomiske aktivitet i form av uavhengig forsking. Vi føreset at nødvendig reknekapsmessig skilje mellom den økonomiske og ikkje-økonomiske aktiviteten til forskingsorganisasjonane er på plass.

Føresetnader for støtte

Prosjektet kan ikkje føre kostnader tidlegare enn dato for vedtak om støtte.

Berre utgifter som blir rekneskapsført hos prosjektansvarleg, herunder innberetta lønn, blir lagt til grunn for godkjenning av prosjektkostnader. Budsjettering skal følgje Forskingsrådet sine reglar. 

Bedrifter vil verte tildelt støtte etter den såkalla gruppeunntaksforordninga (Kommisjonsforordning 651/2014 av 17. juni 2014) artikkel 25. I tillegg må dei  generelle vilkåra i forordninga kapittel I vere oppfylt. Reglane finn du her.

Det vert ikkje gitt statsstøtte i forprosjekt til samarbeidsprosjekt.

Regionale forskingsfond nyttar Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt ved tilsegn om støtte.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

  • Ny teknologi og prosessar som medverkar til klimaomstilling og til eit grønt skifte.
  • Berekraftig matproduksjon, bioøkonomi og sirkulær økonomi
  • Reiseliv som styrkar lokalsamfunna og gir lågt klimaavtrykk
  • Kommunal tenesteproduksjon og samfunnsutvikling
  • Drivkrefter for utvikling og innovasjon i Vestland fylke

I søknadsskjema må alle søkjarar i tillegg velje aktuelle temaområde innanr "Regional utvikling".

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

  • Søknaden må vere sendt inn via «Mitt nettsted» (sjå «Opprett søknad»).
  • Søknaden må vere på nynorsk, bokmål eller engelsk
  • Søknaden skal vere innanfor formål, tema og rammer spesifisert i utlysinga
  • Mal for prosjektskildring og partnaropplysingar i denne utlysinga skal nyttast
  • Alle obligatoriske vedlegg er lagt ved i PDF-format
  • Søknaden skal gjere greie for kor det er aktuelt å søkje om støtte til eit hovudprosjekt
  • Søknaden skal skildre søkjar/verksemda sin kompetanse for å gjennomføre prosjektet
  • Søknaden skal skildre korleis prosjektet inngår i verksemda sine planar og strategiar

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring for forprosjekt (bruk mal i utlysinga) (inntil 5 sider inkl. referansar)
  • CV for prosjektleiar og CV for sentrale forskarar og prosjektmedarbeidarar (inntil 4 sider) (Det som står i eSøknadsskjemaet om at "Mal for CV skal brukes" gjeld ikkje.)
  • Partnaropplysingar for bedrifter (bruk mal i utlysinga). Skal fyllast ut av prosjektansvarleg bedrift, deltakande bedrifter og andre føretak (aktørar som leverer varar og tenester i ein marknad).
  • Berre for søknader om forprosjekt til samarbeidsprosjekt: Intensjonsbrev frå alle registrerte samarbeidspartnarar. Intensjonsbrevet skal innehalde ei grunngjeving for kvifor prosjektet er viktig for partnarane samt skildre planlagt bidrag inn i prosjektet. (Maksimalt 1 side.)

Andre vedlegg vil ikkje bli vurdert.

Ufullstendige eller mangelfulle søknadar vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.

Forsking og innovasjon (Forprosjekt RFF Vestland)

• I kva grad representerer innovasjonen noko nytt?
• I kva grad er det gjort sannsynleg at innovasjonen vil realisere ei moglegheit, løyse ei utfordring og/eller møte eit erkjent behov?
• I kva grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
• I kva grad er FoU-aktivitetane nødvendige for å lukkast med innovasjonen?
• I kva grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I kva grad nyttar prosjektet relevante og anerkjente FoU-metodar?

Gjennomføring (Forprosjekt RFF Vestland)

Kvalitet på organisering av prosjektet:
• I kva grad er det samanheng mellom mål, delmål og aktivitetar?
• I kva grad er arbeidsplanen og ressursane i tråd med mål, tidsplan og leveransar i arbeidspakkane?
• Er tidsplan og ressursbruk realistisk i forhold til planlagde aktivitetar?

Kvalitet på prosjektleiar og prosjektgruppe:
• I kva grad har prosjektleiar relevant kompetanse og erfaring for å leie eit FoU-prosjekt retta mot innovasjon og verdiskaping?
• I kva grad har prosjektgruppa den nødvendige kompetansen og ekspertisen for å gjennomføre prosjektet på ein effektiv måte?
• I kva grad er leiing og styring i prosjektet organisert på ei eigna måte?

Verknader og effektar (Forprosjekt RFF Vestland 2021)

Verdiskaping
• I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil ha potensial for berekraftig verdiskaping (til dømes i form av sysselsetting, betre miljø eller klima, konkurranseevne, kommunal tenesteyting eller ansvarsområde eller anna)?
• Berre for BEDRIFTSSØKNADER: I kva grad er det gjort sannsynleg økonomiske gevinstar for søkjar og eventuelle bedriftspartnarar?

Regional betyding
• Er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bidra til å løyse samfunnsmessige utfordringar i Vestland?
• I kva grad har prosjektet tydeleg og truverdig berekraftprofil?

Regional kunnskapsoppbygging
•I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bidra til kunnskapsoppbygging i Vestland?

Vidareføring i hovudprosjekt
• I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bli vidareført i eit hovudprosjekt (finansieringskjelde, forankring og potensielle partnarar)?

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

Regional relevans (Forprosjekt RFF Vestland)

I kva grad er prosjektet i tråd med prioriteringar i utlysinga?
Kor stort er potensialet for at forskinga på sikt kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland?

I tillegg vil det bli lagt vekt på Etikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.   

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor formål, tema og rammer for utlysinga. Søknader med formelle feil kan bli avvist utan vidare fagvurdering. Søknader utan formelle feil blir vurdert av eit regionalt fagpanel. Sekretariatet for RFF Vestland vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret. Søknader vil bli behandla av styret i møte:

25. februar: søknader motteke seinast 21. januar
6. mai: søknader motteke seinast 25. mars 2021
23. september: søknader motteke innan 19. august
9. desember: søknader motteke innan 28. oktober

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre i Vestland fylkeskommune og offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet), der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Utover dette, vert alle søknader behandla etter Lov om offentlegheit § 26, fjerde avsnitt.

Prosjektansvarleg søkjar vil få svar via digital post etter at vedtak er fatta i styremøta. Same dag eller dagen etter styremøta legg vi også ut oversikt på nettsida vår over kva prosjekt som får støtte.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. desember 2024, kl. 19.18 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.