Gjennomført

Regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor (2022)

27. januar vil styret for RFF Vestland gjere vedtak om kva prosjekt som får støtte.

Viktige datoer

8. sep. 2021

Open for søknad

20. okt. 2021

Søknadsfrist

1. feb. 2022

Tidlegaste tillate prosjektstart

1. jun. 2022

Seinaste tillate prosjektstart

31. mai 2025

Seinaste tillate prosjektslutt

Viktige datoer

Formål

Eit innovasjonsprosjekt i kommunal sektor er leia av ei kommunal verksemd i Vestland og har eit omfattande innhald av forsking og utvikling (FoU). Prosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for kommunale sektor og inngå i verksemda sine planer for utvikling. Prosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til innovasjon og verdiskaping i kommunal sektor i Vestland.

Utlysinga ha to tema: Klimaomstilling og grønt skifte og Samfunnstryggleik og beredskap. 

Om utlysningen

RFF Vestland lyser ut inntil 10 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland. Utlyst sum gjeld tre utlysingar som alle har same tema og søknadsfrist. Alle søknader vil konkurrere om dei same midlane.  

Tema er:

  • Klimaomstilling og grønt skifte
  • Samfunnstryggleik og beredskap 

Denne utlysinga gjeld regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor.

Støtteordninga regionale forskingsfond er meldt til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. Ordninga skal praktiserast i tråd med reglar for statsstøtte i EØS-avtalen. Meir informasjon om statsstøtte er under overskrifta "Forutsetninger for tildeling av støtte".

Hvem kan søke?

  • Ei kommunal verksemd i Vestland fylke, inkludert fylkeskommunen og interkommunale samarbeidsorganisasjonar/organ.
  • Prosjektansvarleg må vere registrert med organisasjonsnummer
  • Prosjektansvarleg kan ikkje vere ei kommunale bedrifter/føretak med økonomisk aktivitet i ein marknad. Desse kan søkje om regionalt innovasjonsprosjekt i næringslivet.

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til samarbeid og roller i prosjektet

  • I tillegg til prosjektansvarleg søkjar må minst ein annan kommune i Vestland og ein godkjend forskingsorganisasjon delta i prosjektet i eit faktisk samarbeid
  • Prosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for dei kommunale verksemdene som er søkjar og samarbeidspartnarar i prosjektet og inngå i verksemdene sine planer for utvikling.
  • Kommunale verksemder i prosjektet har behov for forsking for å kunne lukkast med Innovasjonar forstår vi her som nye eller vesentleg forbetra produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer eller konsept som blir tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og samfunnsnytte i Vestland.
  • Fleire aktørar i og utanfor Vestland kan delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.
  • Utanlandske aktørar kan vere partnar som bærer sine eigne kostnader i prosjektet eller FoU-leverandør som fakturerer alle sine kostnader til prosjektansvarleg.
  • Samarbeidspartnarar eller FoU-leverandørar (utanom prosjektansvarleg søkjar) må registrerast under "Samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar" i søknadsskjemaet. Les meir om samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar.
  • Prosjektansvarleg må sikre finansiering av prosjektet utover støtte frå RFF Vestland

Forventing om anna samarbeid
RFF Vestland oppmodar også til samarbeid med andre offentlege verksemder, næringsliv, interesseorganisasjonar og andre aktørar som er relevante for prosjektet.

Oppfordrar til brukarmedverknad
Brukarmedverknad og brukarkunnskap er i mange samanhengar viktig for å lukkast i innovasjonsarbeidet. I prosjekt der det er relevant, bør ein legge opp til brukarmedverking, og brukarperspektivet bør vere tydeleg.

Hva kan du søke om støtte til?

RFF Vestland støtter kostnader knytt til FoU-aktivitetar i prosjektet. I prosjektbeskrivinga skal du også skildre andre aktivitetar og tiltak som er nødvendige for å realisere innovasjonen, men slike kostnader kan ikkje vere med i prosjektbudsjettet.

Omfang av støtte

RFF Vestland kan dekke inntil 70% av godkjende kostnader i prosjektet. Dersom eit føretak med økonomisk aktivitet inngår i eit faktisk samarbeide i prosjektet, vil støtte til føretaket bli gitt etter statsstøtteregelverket.

Sett prosjektbudsjettet opp etter Forskingsrådet sine retningsliner.

Bryt prosjektbudsjettet ned på følgjande kostnadstypar:

  • Personal- og indirekte kostnader, som er kostnader hos prosjektansvarleg institusjon og andre prosjektutførande samarbeidspartnarar i offentleg sektor, i næringslivet og i forskingsorganisasjonar i Noreg
  • Innkjøp av FoU-tenester, som er kostnader ved å engasjere FoU-leverandørar til å utføre FoU-oppgåver i prosjektet
  • Utstyr, som er drifts- og avskrivingskostnader for vitskapleg utstyr som prosjektet er avhengig av å nytte
  • Andre prosjektkostnader, som er kostnader til annan aktivitet som er nødvendig for å gjennomføre FoU-aktivitetane

Føresetnader for tildeling av støtte

  • FoU-aktivitetane må være industriell forsking eller eksperimentell utvikling som definert i statsstøtteregelverket. (Sjå "Artikkel 25: Viktige definisjoner")
  • Støtte til forskingsorganisasjonar som inngår i eit faktisk samarbeid i prosjektet går til deira ikkje-økonomiske aktivitet. Dette er etter ESA sine retningsliner for offentleg støtte til forsking, utvikling og innovasjon. Eit rekneskapsmessig skilje mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet må vere på plass. RFF Vestland har rett til innsyn i kva satsar som vil bli nytta.
    Vi føreset at forskinga vil bli gjennomført i eit faktisk samarbeid slik dette er definert i statsstøtteregelverket.
  • Dersom ein samarbeidspartnar er å rekne som eit «føretak» etter statsstøtteregelverket, vi føretaket bli mottakar av statstøtte. Som regel er eit føretak ei bedrift, men i denne samanhengen er det ein kvar aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad. Det kan også gjelde offentlege eigde føretak eller bedrifter. Når eit føretak skal få dekka deler av sine kostnader i prosjektet, må det skje etter Gruppeunntaksforordningas art. 25 (Kommisjonsforordning (EU) nr. 651/2014). Støtte vil bli gitt til aktivitetane «industriell forsking» og «eksperimentell utvikling» som har ulike støttegrad. Større bedrifter har rett til lågare støtte enn mindre bedrifter. Bedrifter (prosjektansvarleg og samarbeidspartnarar) i prosjektet som har bindande forhold til kvarandre, vil bli rekna som ein og same støttemottakar etter statsstøtteregelverket.
  • Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt er del av kontrakten med RFF Vestland.   
  • Forskingsresultata skal bli gjort tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
  • Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.

Forskningsartikler og forskningsdata

Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal nyttast for lagring av forskingsdata i prosjektet.

Tips til søknadsprosessen

Eit godt planlagt prosjekt resulterer vanlegvis i ein godt formulert søknad. Les våre tips til ein god søknadsprosess.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

RFF Vestland ønskjer velkomen søknader som dekker eitt eller begge  temaområda i utlysinga. Prosjekta skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for dei kommunale verksemdene som er søkjar og samarbeidspartnarar i prosjektet og inngå i verksemdene sine planer for utvikling.

Klimaomstilling og grønt skifte

Klimaomstilling omfattar både klimagassreduksjon og klimatilpassing. Det grøne skiftet handlar om omstilling til eit samfunn der utvikling og vekst skjer innafor tolegrensa til naturen. Sirkulærøkonomi, fornybare ressursar og bioøkonomi er sentrale stikkord her.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som blir tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som er bransjekryssande og tek utgangspunkt i særlege vestnorske utfordringar og potensial.

Samfunnstryggleik og beredskap

Temaområdet omfattar eit vidt spekter av fag- og ansvarsområde. Tema handlar om å ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet og forebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dessutan handlar det om effektiv ulykkes- og krisehandtering.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som blir tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som bidrar til å styrke samhandling mellom fleire nivå og ansvarsområde.

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

Krav til utforming

Du må opprette og sende inn søknad via Mitt nettsted (sjå «Opprett søknad»). Du kan endre og sende inn søknaden fleire gonger fram til søknadsfristen. Når søknadsfristen går ut, vil vi behandle den sist innsendte versjonen.

  • Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
  • Krav til samarbeid og partnarskap må vere oppfylt.
  • Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
  • Søknadsbeløp, kva det er søkt om og eigenfinansiering er innanfor ramme fastlagt i utlysinga. Ubetalt eigeninnsats vil ikkje bli godkjend.
  • Mal for prosjektskildring og partnaropplysingar i denne utlysinga skal nyttast. Alle punkta i mal for prosjektskildring skal vere fylt ut.
  • Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved og må vere i PDF-format

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maksimalt 10 sider. Bruk mal i utlysinga.  
  • Partnaropplysingar for alle samarbeidspartnarane, inkludert prosjektansvarleg kommunal organisasjon  (Last opp som vedleggtype "Partnaropplysingar").
  • CV på inntil 4 sider kvar for prosjektleiar og andre sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet). (Last opp som vedleggtype «CV»).

Andre vedlegg enn dei obligatoriske eller lenker til nettsider, vil ikkje bli vurdert. Støttebrev eller samarbeidsavtaler er ikkje obligatoriske og skal ikkje vere med.

Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.

Alle krav i utlysinga må være oppfylt. Ufullstendige eller mangelfulle søknader kan bli avslått utan fagleg vurdering.

Vurderingskriterier

Vi vurderer søknadene etter desse kriteria:

Forskning og innovasjon | IP-Offentlig sektor

I hvilken grad representerer prosjektet en ambisiøs innovasjon som understøttes av relevante FoU-aktiviteter?

• I hvilken grad representerer innovasjonen noe nytt?
• I hvilken grad vil innovasjonen bidra til å løse en utfordring og/eller møte et erkjent behov?
• I hvilken grad har prosjektet potensial for å frembringe ny kunnskap som gir grunnlag for innovasjon?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene nødvendige for å lykkes med innovasjonen?
• I hvilken grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I hvilken grad benytter prosjektet relevante og anerkjente FoU-metoder?

Virkninger og effekter | IP-Offentlig sektor

I hvilken grad legger prosjektet til rette for verdiskaping i de offentlige virksomhetene, og også grunnlag for nytte for andre deler av offentlig sektor?

Verdiskaping og realisering av gevinster
• I hvilken grad er potensielle virkninger og effekter tydelig formulert og troverdige?
• I hvilken grad vil prosjektet gi grunnlag for verdiskaping hos søker og partnere i offentlig sektor?
• I hvilken grad er plan for realisering av gevinster relevant og dekkende, herunder risikovurderinger, planer, metoder, ressursbehov, partnere, forankring og roller?
• I hvilken grad kan prosjektet gi andre positive samfunnseffekter, for eksempel
– i form av utnyttelse av resultater hos andre deler av offentlig sektor, næringsliv og andre aktører
– ved at innovasjonen bidrar til FNs bærekraftmål eller til å løse andre viktige samfunnsutfordringer?

Formidling, deling og spredning
• I hvilken grad er formidling og kommunikasjonsaktiviteter tydelig formulert og rettet mot relevante målgrupper?
• I hvilken grad er potensialet for deling og spredning tydelig formulert og sannsynliggjort?
• I hvilken grad har prosjektet planer for spredning til andre deler av offentlig sektor?

Gjennomføring | IP-Offentlig sektor

I hvilken grad gir prosjektplanen et godt grunnlag for å få gjennomført FoU-aktivitetene og for å få nyttiggjort resultatene?

Kvalitet på prosjektets organisering og ledelse
• I hvilken grad er arbeidsplanen velegnet, inkludert om ressursene til de forskjellige arbeidspakkene er tilstrekkelig og i tråd med den enkelte arbeidspakkes mål, tidsplan og leveranser?
• I hvilken grad er samarbeidspartnerne de rette til å gjennomføre FoU-aktivitetene og med en tydelig og relevant fordeling av budsjett, roller og ansvar?
• I hvilken grad er ledelse, styring og forankring i prosjektet ivaretatt?

Kvalitet på prosjektleder og prosjektgruppe
• I hvilken grad har prosjektleder relevant kompetanse og erfaring for å lede et FoU-prosjekt rettet mot innovasjon og verdiskaping i offentlig sektor?
• I hvilken grad sikrer prosjektgruppen den nødvendige kompetansen og ekspertisen for å gjennomføre prosjektet på en effektiv måte?

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

Regional relevans | Kommunal sektor

• I kva grad vil prosjektet bidra til å løyse utfordringar for kommunal sektor som er spesielt viktige i Vestland fylke?
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?

I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.

Søknader utan formelle feil vil bli vurdert av eit ekspertpanel i Forskningsrådet, med normalt tre fagekspertar.  Ekspertpanelet vurderer og gir ein samla karakter for kvart av kriteria Forsking og innovasjon, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering frå fageksperten/panelet.

Sekretariatet for RFF Vestland  vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte mot slutten av januar 2022. (Informasjon om dato kjem seinare.)  

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Alle søknader vil bli søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2024, kl. 08.22 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.