Gjennomført

FORREGION Vestland - forskar til låns

Bedrifter som vil søkje om «forskar til låns» må først etablere kontakt med ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland.

Utlysinga for 2024 vil bli oppdatert ved månadsskifte januar/februar 2024. 

Formål

Målet med ordninga "Forskar til låns" er å auke samarbeidet mellom bedrifter og FoU-organisasjonar. I eit «Forskar til låns» prosjekt skal ein forskar for ein avgrensa tidsperiode jobbe saman med tilsette i bedrifta om ein konkret prosjektidé. Prosjektet må vere slik innretta at både forskaren og bedrifta kan ha fagleg nytte av samarbeidet.

Bedrifta må ha ambisjon om at prosjektet skal føre til vidare  forsking.

Om utlysningen

Prosjektet er eit innleiande forskinssamarbeid og bedrifta må ha ambisjon om vidare forsking. Søkjar må vise at «forskar til låns» prosjektet kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og/eller klimaomstilling i Vestland fylke. Utlysinga av «forskar til låns» er del av ei regional mobilitetssatsing, der samarbeid og gjensidig nytte mellom bedrift og forskar vert lagt vekt på. Samstundes må det kome klart fram at ambisjonen i prosjektet er å bidra til planlagt forsking med sikte på å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter. Forskaren i prosjektet må vere tilsett i ein godkjend forskingsorganisasjon.

Ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland må vere kopla på i prosessen med å utvikle søknaden. Dette inneber mellom anna rettleiing i utvikling av søknaden samt ei kvalitetssikring av at han er riktig utfylt og at obligatoriske vedlegg er lagt ved før innsending. Kompetansemekling er ei gratis teneste for bedrifter.

Ramme for støtte

Bedrifter i Vestland fylke kan søkje om støtte på inntil kr. 100 000 frå  FORREGION Vestland. Det er krav om minimum 30 % eigenfinansiering av dei totale prosjektkostnadene.

Hvem kan søke?

Bedrifter med lita eller ingen forskingserfaring som jobbar med å utvikle nye produkt, prosessar eller tenester som kan verte styrka ved hjelp av forsking, kan søke om tilskotsmidlar. Bedrifter som er eller har vore prosjektansvarleg i hovudprosjekt finansiert av Forskningsrådet, Regionale forskningsfond (RFF) eller EUs forskingsprogram, dei siste fem år, vert rekna som erfarne FoU-føretak i denne samanheng, og kan ikkje søke.

Bedrifta må ha adresse eller vesentleg aktivitet i Vestland fylke.

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg

Bedrifter som søker skal stå som prosjektansvarleg i søknadsskjemaet. Administrativt ansvarleg er den personen hos bedrifta som har fullmakt til å representere og forplikte organisasjonen ovanfor Vestland fylkeskommune.

Det vert oppmoda til mangfald og god kjønnsbalanse i prosjektorganiseringa.

Krav til prosjektleiar

Prosjektleiar må ha fagleg kompetanse på temaområdet i søknaden og/eller prosjektleiarkompetanse.  Prosjektleiar er forskaren sin kontaktperson.

Krav til  samarbeidet med forskaren

Forskaren som deltek i prosjektet må være tilsett ved ein forskingsorganisasjon som er godkjent av Forskningsrådet.

Forskingsorganisasjonen der forskaren er tilsett  skal registrerast som FoU-leverandør i søknadsskjemaet

Forskaren må ha minst 5 års relevant arbeidserfaring, som også kan omfatte doktorgradsstudie.

Hva kan du søke om støtte til?

Tilskotet frå FORREGION Vestland skal gå til å dekke forskaren sine personalkostnader og kostnader for reise og opphald.

Følgjande kostnader i bedrifta kan også inngå i prosjektet:

  • personal- og indirekte kostnader hos bedrifta
  • andre driftskostnader

Sjå rettleiing for utrekning av personal- og indirekte kostnader for næringsliv, offentlig sektor og andre søkjarar.

Føresetnader for støtte

Støtte frå FORREGION Vestland til føretak utgjer statsstøtte. Eit føretak er i denne samanhengen kvar aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad. Vanlegvis er dette ei bedrift.

Kommunal- og distriktsdepartementet har meldt ordninga med forskar til låns til ESA under forskrift om unntak frå notifikasjonsplikt for offentlig støtte § 1, jf.EØS-avtalen vedlegg XV nr. 1j (forordning (EU) nr. 651/2014).

Prosjektet skal vere innan kategorien industriell forsking. Du finner nærare beskriving av kva dette betyr i Gruppeunntaksforordning artikkel 25.

Graden av støtte til prosjektkostnader i bedrifta er avhengig av innhald og type FoU-aktivitet i prosjektet. Små bedrifter kan få inntil 70 % støtte, mellomstore bedrifter inntil 60 % støtte og store bedrifter inntil 50 % støtte.

For innvilga søknader vil støtta bli endeleg fastlagt i tilsegna.

Eigenfinansiering

Bedrifta må stille med eigenfinansiering. Eigenfinansiering i prosjektet kan vere kontantar og/eller prosjektrelevante og lønsutbetalte timar for prosjektmedarbeidarar. Personal- og indirekte kostnader må reknast ut på bakgrunn av faktiske kostnader.  Du må bruke Forskingsrådet si rettleiing for utrekning av personal- og indirekte kostnader for næringsliv, offentleg sektor og andre søkjarar. Andre relevante driftskostnader i bedrifta kan også inngå som del av eigeninnsatsen. Innhaldet i slike må kome klart fram i søknaden.

Bedrifter som bidreg med eigeninnsats i form av eigenutført og lønsutbetalte timar må være ajour med innbetaling av arbeidsgjevaravgift og skattetrekk.

Rapportering og utbetaling

All rapportering og oppmoding om utbetaling skal skje via www.regionalforvaltning.no

Prosjektansvarleg bedrift må opprette ein ny brukarkonto eller nytte eksisterande brukarkonto – sjå brukarstøtte for regionalforvaltning.no. 

Utbetaling av støtte skjer etter at sluttrapportering er sendt inn og godkjend. Prosjektansvarleg bedrift kan oppmode om ei delutbetaling gjennom regionalforvaltning.no 

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

Samarbeidet i «forskar til låns» skal rette seg inn mot eit eller fleire av følgjande tema:

A) Berekraftig og eksportretta industriutvikling samt havøkonomi

B) Sirkulær økonomi – berekraftig ressursforvaltning

C) Bioøkonomi «blå» og» grøn» - produksjon av mat og berekraftig bruk av biologiske ressursar

D) "Grøn» gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien

Temaplan forsking for Vestland fylke 2022 – 2027 gir meir informasjon om innhaldet i dei fire temaa.

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

Du må opprette og sende inn søknaden via elektronisk søknadsskjema på Forskningsrådet sin søkjeportal «Mitt nettsted». Bruk knappen "Opprett søknad" for å opprette søknad på «Mitt nettsted».

Du kan lagre og endre på søknaden mens du arbeider med den. Når søknaden er sendt inn, kan du ikkje endre den. Det er likevel mogleg å opprette ein ny søknad, f.eks. som kopi av den du har sendt inn – og på den måten sende inn ein ny versjon.

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maks 5 sider. Bruk standard mal du kan laste ned nedst på denne sida. Vi vurderer berre prosjektskildringar som er skriven i denne malen. 
  • CV for prosjektleiar i bedrifta og til forskaren som samarbeider i prosjektet
  • Ei stadfesting frå forskaren sin arbeidsgivar som godkjenner deltaking i prosjektet i tråd med søknaden
  • Skjema for partnaropplysningar. Bedrifta som søkjer skal også fylle ut dette skjemaet. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida.
  • Eigenerklæring for private bedrifter. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida.

Alle vedlegga skal være i PDF-format. Vær nøye med å laste opp riktig vedlegg, ettersom det ikkje er lagt inn tekniske avgrensingar på kva slags dokumenttype det er mogleg å laste opp.

Søknader som ikkje oppfyller krava over vil kunne bli avvist.

Valfrie vedlegg

  • CV for andre sentrale deltakarar i prosjektet

Andre vedlegg enn dei som er spesifisert ovanfor vil ikkje bli vurdert

Øvrige vilkår

  • I søknadsskjemaet må du informere om det er søkt støtte til same eller liknande prosjekt frå andre offentlege støtteordningar.
  • Dersom prosjekt som har fått tilskott ikkje blir gjennomført eller har manglar ved rapportering, kan Vestland fylkeskommune krevje at utbetalt tilskott vert tilbakebetalt.

Vurderingskriterier

Søknader vil bli vurdert etter tre hovudkriteria. I tillegg vert det gitt ei samla vurdering.

Meir informasjon om vurderingskriteria:

Forsking og innovasjon | FORREGION Vestland (FTL)

• Kor original og nyskapande er innovasjonsideen i prosjektet?
• I kor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?

Verknader og effektar | FORREGION Vestland (FTL)

• I kva grad er det potensial for at resultata frå prosjektet kan bidra til verdiskaping i norsk næringsliv?

Gjennomføring | FORREGION Vestland (FTL)

• Kor god er prosjektplanen med omsyn til fagleg oppgåver og samarbeid mellom forskar og bedrift?
• Har dei involverte i prosjektet god og relevant kompetanse for oppgåvene som er planlagt?

Gjennomføring | FORREGION Vestland (FTL)

• Kor god er prosjektplanen med omsyn til fagleg oppgåver og samarbeid mellom forskar og bedrift?
• Har dei involverte i prosjektet god og relevant kompetanse for oppgåvene som er planlagt?

Samlet vurdering | FORREGION Vestland

Behandlingsprosedyre

Forventa svar på søknaden

Vi har løpande mottak av søknader gjennom året. Svar på søknaden vil skje i løpet av 2-3 veker.

Prosjektstart og prosjektslutt

Prosjektet kan ikkje starte før du har fått svar på søknaden.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2024, kl. 08.47 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.