Regionale samarbeidsprosjekt for forskingsorganisasjonar (2023)
Last ned utlysningen
Last ned maler
16. juni: Utlysinga er planlagt. Frå 10 august vert den aktiv og du kan opprette søknad. Dersom det vert endringar i utlysingsteksten etter 16. juni, vil det blir opplyst om.
Viktige datoer
10. aug. 2022
Åpen for søknad
21. sep. 2022
Søknadsfrist
19. des. 2022
Styret fattar vedtak om kva prosjekt som får støtte
1. jan. 2023
Tidligste tillatte prosjektstart
1. jun. 2023
Seneste tillatte prosjektstart
31. mai 2026
Seneste tillatte prosjektslutt
Viktige datoer
Formål
Samarbeidsprosjektet er leia av ein forskingsorganisasjon og skal utvikle ny kunnskap og bygge forskingskompetanse som kommunane og/eller næringslivet i Vestland treng for å møte viktige samfunnsutfordringar. Prosjektet skal stimulere og støtte samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og næringsliv/kommunal sektor i Vestland og danne grunnlag for innovasjon og berekraftig verdiskaping.
Prosjektet skal støtte opp under innovasjonsprosessar som bidreg til og/eller:
- industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland
- å styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør - i samarbeid med kommunal/fylkeskommunal sektor
Om utlysningen
RFF Vestland lyser ut inntil 10 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland. Utlyst sum gjeld tre utlysingar som har same søknadsfrist. Søknader til dei tre utlysingane vil konkurrere om dei same midlane.
Denne utlysinga gjeld regionale samarbeidsprosjekt for forskingsorganisasjonar. Det er krav til faktisk samarbeid i prosjektet. Det vert ikkje gitt statsstøtte.
Hvem kan søke?
Godkjende forskingsorganisasjonar lokalisert i Vestland fylke
Hvem kan delta i prosjektet?
Krav til prosjektansvarleg
- Prosjektansvarleg forskingsorganisasjon må ha to eller fleire norske samarbeidspartnarar frå næringsliv og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor (som ikkje er forskingsorganisasjonar), som skal inngå i eit faktisk samarbeid. Minst ein av desse må være lokalisert i Vestland.
- Søknaden må vere forankra i forskingsorganisasjonen si leiing og i eigne strategiar. Dette må kome tydeleg fram i søknaden.
- Prosjektansvarleg må sikre finansiering av prosjektet (utover støtte frå RFF Vestland)
Krav til prosjektleiar
- Prosjektleiar må ha godkjent doktorgrad eller tilsvarande før søknadsfristen.
- Prosjektleiar kan ikkje også vere administrativt ansvarleg for prosjektet.
Krav til faktisk samarbeid og roller i prosjektet
- Det må kome fram i søknaden at prosjektet er strategisk forankra hos alle samarbeidspartnarane.
- Faktisk samarbeid inneberer eit reelt og praktisk samarbeid mellom dei involverte forskingsorganisasjonane og samarbeidspartnarane i prosjektet. Samarbeidspartnarane skal delta aktivt i planlegging og gjennomføring av prosjektet. Samarbeidspartnarar skal vere aktiv i minst ei arbeidspakke. Roller og ansvar må kome tydeleg fram i søknaden.
- Samarbeidspartnarane skal bidra til å dekke prosjektkostnader.
- Samarbeidspartnarane skal delta aktivt i oppfølging og spreiing av resultata frå prosjektet for å sikre at ny kunnskap vert tatt i bruk.
- Prosjektet skal ha ei styrings- eller referansegruppe med representasjon frå samarbeidspartnarane.
- Søknaden skal skildre korleis kunnskapen og kompetansen som blir bygd opp i prosjektet, skal kommer større brukargrupper til nytte.
- Prosjektet skal ikkje være oppdragsforsking for enkeltaktørar i næringsliv eller kommunal/fylkeskommunal sektor.
- Fleire aktørar i og utanfor Vestland delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.
- Utanlandske aktørar kan delta i prosjektet. (Sjå spesifisering under «Omfang av støtte»)
- Samarbeidspartnarar eller FoU-leverandørar (utanom prosjektansvarleg søkjar) må registrerast under "Samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar" i søknadsskjemaet. Les meir om samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar.
Hva kan du søke om støtte til?
RFF Vestland støtter kostnader knytt til FoU-aktivitetar i prosjektet.
Omfang av støtte:
- RFF Vestland kan dekke inntil 90 % av godkjende kostnader i prosjektet.
- Samla innsats frå norske samarbeidspartnarane i næringsliv og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor skal dekke minst 10% av totale prosjektkostnader i form av eigeninnsats og/eller kontantbidrag.
- Utanlandske universitet og forskingsinstitutt kan vere samarbeidspartnar. Deira kostnader kan bli dekka av RFF Vestland si bevilling.
- Andre utanlandske aktørar kan vere partnar som bærer sine eigne kostnader i prosjektet eller vere FoU-leverandør som fakturerer alle sine kostnader til prosjektansvarleg.
- Støtten skal brukes til å dekke dei faktiske kostnadene i prosjektet.
Sett prosjektbudsjettet opp etter Forskingsrådet sine retningsliner.
Føresetnader for tildeling av støtte
- RFF Vestland si støtte til forskingsorganisasjon(ane) skal i sin heilheit gå til deira ikkje-økonomiske aktivitet i form av uavhengig forsking. Rekneskapsmessig skilje mellom den økonomiske og ikkje-økonomiske aktiviteten til forskingsorganisasjonen må vere på plass.
- I denne utlysinga vert det ikkje tildelt statsstøtte til føretak med økonomisk aktivitet i ein marknad.
- Dersom prosjektet får tildelt midlar, skal prosjektansvarleg etablere samarbeidsavtaler med alle samarbeidspartnarane i prosjektet.
- Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt er del av kontrakten med RFF Vestland.
- Forskingsresultata skal verte gjort tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
- Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.
Forskningsartikler og forskningsdata
Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal verte nytta for lagring av forskingsdata i prosjektet.
Tips til søknadsprosessen
Eit godt planlagt prosjekt resulterar vanlegvis i ein godt formulert søknad. Les våre tips til ein god søknadsprosess.
Aktuelle temaområder for denne utlysningen
Prosjektet skal støtte opp under innovasjonsprosessar som bidreg til og/eller:
- industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland, jamfør rapport frå Grøn region Vestland - Vestlandsporteføljen 2021
- å styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør. Prosjektet kan omfatte miljømessige, sosiale og økonomiske dimensjonar ved berekraft - og skjer i samarbeid med kommunal/fylkeskommunal sektor.
I søknadsskjemaet skal relevante temaområde innan regional utvikling merkast av.
Regional utvikling
Praktiske opplysninger
Krav til utforming
Du må opprette og sende inn søknad via Mitt nettsted (sjå «Opprett søknad»). Du kan endre og sende inn søknaden fleire gonger fram til søknadsfristen. Når søknadsfristen går ut, vil vi behandle den sist innsendte versjonen.
- Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
- Krav til samarbeid og partnarskap må vere oppfylt
- Krav til prosjektleiar må vere oppfylt
- Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
- Søknadsbeløp, kva det er søkt om og eigenfinansiering er innanfor ramme fastlagt i utlysinga. Ubetalt eigeninnsats vil ikkje bli godkjend.
- Prosjektskildringa skal følgje malen i denne utlysinga og du må fylle ut alle punkta.
(Merk at malen er på engelsk, men søknaden kan skrivast på norsk.) - Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved i PDF-format
Obligatoriske vedlegg
- Prosjektskildring på maksimalt 10 sider. Bruk mal i utlysinga.
(Merk at malen er på engelsk, men søknaden kan skrivast på norsk.) - CV på inntil 4 sider kvar for prosjektleiar og inntil 5 sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet)
- Intensjonsbrev frå alle registrerte samarbeidspartnarane. Intensjonsbrevet skal innehalde ei grunngjeving for kvifor prosjektet er viktig for partnarane samt skildre planlagt bidrag inn i prosjektet. (Maksimalt 1 side.)
Andre vedlegg enn dei obligatoriske eller lenker til nettsider, vil ikkje bli vurdert.
Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.
Alle krav i utlysinga må være oppfylt. Ufullstendige eller mangelfulle søknader vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.
Vurderingskriterier
Fagekspertar vurderer Forskingskvalitet, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering. Sekretariatet for RFF Vestland vurderer regional relevans.
Forskningskvalitet | KSP
• Vitenskapelig kreativitet og originalitet.
• I hvilken grad hypoteser og problemstillinger er nyskapende og dristige.
• I hvilken grad prosjektet har potensial for å frembringe ny kunnskap som flytter forskningsfronten, inkludert vesentlig utvikling/fornyelse av teori, metoder, eksperimenter eller empirisk kunnskap.
Kvaliteten på prosjektets FoU-aktiviteter
• Kvaliteten på problemstillingene, hypotesene og prosjektets mål, og i hvilken grad de er klart og tydelig beskrevet.
• I hvilken grad den teoretiske tilnærmingen, forskningsdesignet og metodevalget er troverdig og velegnet, og tverrfaglige innfallsvinkler er tilstrekkelig vurdert.
• I hvilken grad prosjektet tar hensyn til samfunnsansvar, etiske problemstillinger og kjønnsdimensjonen i forskningen på en tilfredsstillende måte.
• I hvilken grad prosjektet forholder seg til brukeres/interessenters kunnskap på en tilfredsstillende måte.
Virkninger og effekter | KSP
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater kan bidra til å møte viktige vitenskapelige utfordringer, både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater kan svare på viktige utfordringer i sektoren(e), både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad kompetanseutviklingen og prosjektets planlagte resultater vil gi grunnlag for verdiskaping i norsk næringsliv og/eller offentlig sektor.
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater er relevante for FNs bærekraftsmål eller har potensiale for å bidra til å møte andre viktige samfunnsutfordringer, både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad de potensielle virkningene og effektene er tydelig formulert og troverdige.
Kommunikasjon og utnyttelse
• Kvaliteten på, og omfanget av, kommunikasjons- og involveringsaktiviteter rettet mot relevante interessenter/brukere.
• I hvilken grad samarbeidspartnerne er involvert i arbeidet med å ta i bruk prosjektets resultater.
Gjennomføring | KSP
• I hvilken grad prosjektleder har relevant kompetanse og erfaring og har vist evne til å utføre forskning av høy kvalitet (sett i forhold til hans/hennes karrierestadium).
• I hvilken grad prosjektdeltakerne utfyller hverandre, og i hvilken grad prosjektgruppen innehar den nødvendige kompetansen for å gjennomføre prosjektet på en effektiv måte.
Kvaliteten på prosjektets organisering og ledelse
• I hvilken grad prosjektets organisering er effektiv, inkludert i hvilken grad ressursene til de forskjellige arbeidspakkene er tilstrekkelig og i samsvar med prosjektets mål og leveranser.
• I hvilken grad oppgavene i prosjektet er fordelt på en måte som sikrer at alle prosjektdeltakere har en tydelig rolle og tilstrekkelig med ressurser til å fylle denne rollen.
• I hvilken grad ledelse og styring i prosjektet er organisert på en egnet måte.
• I hvilken grad samarbeidspartnerne bidrar i styringen og gjennomføringen av prosjektet.
Samlet vurdering fra fageksperten/panelet
Regional relevans | Samarbeidsprosjekt
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?
I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.
Behandlingsprosedyre
Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.
Søknader utan formelle feil vil bli vurdert av eit ekspertpanel i Forskingsrådet.
Sekretariatet for RFF Vestland vurderer regional relevans og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte i møte den 19. desember 2022. Informasjon om kva søknader som før støtte vil bli lagt ut på denne nettsida 19./20. desember.
RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Alle søknader vil bli søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.
Last ned maler
Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2024, kl. 08.35 CET