Tips til søknadsprosessen

Ein velformulert og godt utarbeidd prosjektskildring gjer at du stiller sterkare i søknadsprosessen. Start med å utvikle prosjektet. Ikkje skriv søknaden før du har ein klar i idé om kva målet med prosjektet er og korleis forskinga skal kome til nytte. Her er våre viktigaste tips.

Les heile utlysinga før du begynner å tenke på å skrive søknaden

Å skrive ein søknad kan være tidkrevjande, så det er viktig ikkje å overse noko undervegs og dermed snuble på målstreken.

Bruk Forskingsrådet sitt verktøy for prosjektavklaring

Forskingsrådet har utvikla verktøy for prosjektavklaring "prosjektkanvas" som vi anbefaler å bruke når du skal utvikle forskings- og utviklingsprosjektet. 

For bedrifter: Forskingsrådet sin prosjektkanvas for næringslivet

For kommunar: Forskingsrådet sin prosjektkanvas for offentlig sektor

Opprett søknad tidleg og gjer deg kjent med søknadsskjemaet

Opprett søknad tidleg slik at du bli kjent med søknadsskjemaet. Søknadsskjemaet og prosjektskildringa heng nøye saman.

Les rettleiingsteksta i mal for prosjektskildring nøye fleire gonger. 

Sjekk utlysinga på nytt før innsending

Gå tilbake til utlysinga og sjekk krav og andre føringar på nytt før du sender søknaden. Hugs spesielt å sjekke om du har med alle obligatoriske vedlegg og at prosjektskildinga er i tråd med malen. Prosjektskildringa har ein tendens til å leve sitt eige liv etter kvart, spesielt når fleire personar er involvert i søknadsprosessen. 

Bedrifter kan kontakte kompetansemeklar for hjelp
Ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland kan hjelpe bedrifter til å gå frå idé til problemstillingar for forsking i utviklingsprosjekt/prosessar og finne rett forskingspartnar.

Les meir om tilbodet på Vestland fylkeskommune si nettside.

Ta gjerne kontakt med oss i sekretariatet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. desember 2024, kl. 10.27 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.