Gjennomført

Regionale forprosjekt for bedrifter, kommunal sektor og forskingsorganisasjonar (2020)

Utlysinga er aktiv så lenge det er midlar igjen på budsjettet.

Oppdatering 16. desember: 

Det er ikkje lenger midlar igjen på budsjettet for 2020. 
Fredag 18. desember legg vi ut forprosjektutlysinga for 2021.

Sjekk utlysinga nøye før du eventuelt kopierer allereide oppretta søknader til den nye utlysinga. (Dette må skje via den nye utlysinga.)

Den nye utlysinga har justert mal for prosjektsbeskriving, styrka krav til samarbeid for kommunar og forskingsorganisasjonar og endringar i kva og kor mykje forskingsorganisasjonar kan søkje om.

Styret vil den 25. februar behandle søknader som allereie er sendt inn til denne utlysinga.

Viktige datoer

4. mai 2020

Utlysinga lagt ut

1. jun. 2020

Tidligste tillatte prosjektstart

3. nov. 2020

Siste frist for innsending for behandling i 2020

31. des. 2020

Seinaste tillatte prosjektstart

31. des. 2021

Seinaste tillatte prosjektslutt

Viktige datoer

Formål

Støtte opp om innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland.

Om utlysningen

Forprosjekta skal vere eit innleiande forskingsarbeid som medverkar til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) med potensial til å bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og kommunal sektor i Vestland.

Forprosjekta kan óg nyttast til å legge grunnlag for eit Kompetanse- og samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv.

Eit forprosjekt skal:

  • Leie fram til ein søknad om hovudprosjekt (Innovasjonsprosjekt i bedrift/næringsliv eller kommune eller Kompetanse- og samarbeidsprosjekt)
  • Løyse forskingsutfordringar som er kritiske for å etablere og/eller gjennomføre eit hovudprosjekt
  • Ha klart definerte forskingsspørsmål
  • Dokumentere kor prosjektet står i forhold til kunnskaps- og forskingsfronten

Støtte kan ikkje nyttast til:

  • Kartlegging av litteratur og forskingsfronten
  • Marknadsundersøkingar og marknadsføring
  • Etablering av nettverk og klynger
  • Å utforme/skrive ein hovudprosjektsøknad

Verktøy for prosjektutvikling

Bruk gjerne Forskingsrådet sitt verktøy for prosjektkanvas for næringsliv eller offentleg sektor i arbeidet med søknaden.

Hvem kan søke?

Bedrifter, kommunale organisasjonar og godkjende forskingsorganisasjonar i Vestland.

Bedrifter, inkludert samanslutningar av bedrifter i Vestland
Kan søkje om forprosjekt til innovasjonsprosjekt i RFF, Forskingsrådet eller Horisont Europa.

  • Må dokumentere forskingskompetanse i prosjektet, i eigen bedrift og/eller samarbeidsbedrift, eller gjennom innkjøp frå godkjend forskingsorganisasjon (forskingsorganisasjonen kan vere lokalisert utanfor Vestland)
  • Dersom stor bedrift søkjer, er det krav til aktiv deltaking frå minst ei SMB-bedrift
  • Definisjon av bedrift og storleik følgjer EU sitt regelverk, sjå forklaring på Skattefunn si nettside.

Kommunale organisasjonar, inkludert fylkeskommunen og interkommunale samarbeidsorganisasjonar/verksemder i Vestland
Kan søkje om forprosjekt til innovasjonsprosjekt i kommunal sektor i RFF, Forskingsrådet eller Horisont Europa.

  • Det er krav til samarbeid med godkjend forskingsorganisasjon og minst ein annan kommune (Forskingsorganisasjonen kan vere lokalisert utanfor Vestland)

Godkjende forskingsorganisasjonar sine hovud- eller avdelingskontor i Vestland
Kan søkje om forprosjekt til innovasjonsprosjekt i bedrift eller kommunal sektor eller forprosjekt til Kompetanse- og samarbeidsprosjekt i RFF, Forskingsrådet eller Horisont Europa.

  • Det er krav om formelt samarbeide med minst ei bedrift eller kommune i Vestland som kan vere partnar i det påfølgande hovudprosjektet.

Hvem kan delta i prosjektet?

Alle aktørar som er relevante for gjennomføring av forprosjektet.

Det er krav til samarbeid, sjå «Hvem kan søke» over.

Hva kan du søke om støtte til?

  • Tilskot på mellom kr. 200.000 til 500.000 per prosjekt.
  • Inntil 70% støtte av dei totale prosjektkostnadene til aktivitetar definert som «industriell forsking» og/eller «eksperimentell utvikling» innan ramma for statsstøtteregelverket  
  • Relevante prosjektkostnader som personal- og indirekte kostnader, driftskostnader for prosjektet og innkjøp av FoU-tenester. Merk at berre utgifter som blir rekneskapsført, herunder innberetta lønn, blir lagt til grunn for godkjenning av prosjektkostnader. (Berre frå dato for vedtak om støtte.) Budsjettering skal følgje Forskingsrådet sine reglar. 
  • Spesielt for søknader frå forskingsorganisasjonar: RFF Vestland si finansiering skal berre gå til forskingsorganisasjonane sin ikkje-økonomiske aktivitet i form av uavhengig forsking. Vi føreset at nødvendig reknekapsmessig skilje mellom den økonomiske og ikkje-økonomiske aktiviteten til forskingsorganisasjonane er på plass.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

  • Ny teknologi og prosessar som medverkar til klimaomstilling og til eit grønt skifte.
  • Berekraftig matproduksjon, bioøkonomi og sirkulær økonomi
  • Reiseliv som styrkar lokalsamfunna og gir lågt klimaavtrykk
  • Kommunal tenesteproduksjon og samfunnsutvikling
  • Drivkrefter for utvikling og innovasjon i Vestland fylke

Viktig presisering om forankring i bedrift eller kommunal organisasjon

Det vert lagt vekt på at ei bedrift eller ein kommune i Vestland er problemeigar. Prosjekta skal vere godt forankra i styrande organ/leiing i minst ei SMB-bedrift eller ein kommune, som også skal ha ei tydeleg rolle i gjennomføringa av prosjekta.

I dei kommunale prosjekta skal forskingsinnsatsen komme sluttbrukar til nytte og kommunal eigeninnsats skal vere tydeleg i prosjektbudsjettet.

Spesielt for søknader om forprosjekt til Kompetanse- og samarbeidsprosjekt:

Vis til behov i samfunns- og næringsliv i Vestland og forankring hos relevante partnarar i ein framtidig hovudsøknad, i tillegg til i eigen organisasjon.

I søknadsskjemaet må alle søkjar velgje mellom eitt av to tema:

Søknader retta mot behov i næringslivet har tema: «Bransjer og næringer» 

Søknader retta mot behov i kommunal sektor har tema: «Demokrati, styring og fornyelse»

Bransjer og næringer

Bransjeuavhengig

Demokrati, styring og fornyelse

Fornyelse og innovasjon i offentlig sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

  • Fullstendig utfylt søknad og alle obligatoriske vedlegg skal være levert i eSøknad gjennom «Mitt nettsted»
  • Søknaden skal vere innanfor formål, tema og rammer spesifisert i utlysinga
  • Mal for prosjektskildring og partnaropplysingar i denne utlysing skal nyttast
  • Søknaden skal gjere greie for kor det er aktuelt å søkje om støtte til eit hovudprosjekt
  • Søknaden skal skildre søkjar/verksemda sin kompetanse for å gjennomføre prosjektet
  • Søknaden skal skildre korleis prosjektet inngår i verksemda sine planar og strategiar

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring for forprosjekt (bruk mal i utlysinga) (inntil 5 sider inkl. referansar)
  • CV for prosjektleiar (inntil 4 sider)
  • CV for sentrale forskarar og prosjektmedarbeidarar (inntil 4 sider)
  • Partnaropplysingar for bedrifter (bruk mal i utlysinga). Skal fyllast ut av prosjektansvarleg bedrift, deltakande bedrifter og andre føretak (aktørar som leverer varar og tenester i ein marknad).
  • Søknader oppretta før 1. juli får ved ein feil krav om vedlegg "Anna" i eSøknad og må legge inn ei tom side som vedlegg. Denne feilen er no retta opp.

Andre vedlegg vil ikkje bli vurdert.

Ufullstendige eller mangelfulle søknadar vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.

Vurderingskriterier

Søknader vil blir vurdert etter dei fire kriteria under. 

Forsking og innovasjon (Forprosjekt RFF Vestland)

• I kva grad representerer innovasjonen noko nytt?
• I kva grad er det gjort sannsynleg at innovasjonen vil realisere ei moglegheit, løyse ei utfordring og/eller møte eit erkjent behov?
• I kva grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
• I kva grad er FoU-aktivitetane nødvendige for å lukkast med innovasjonen?
• I kva grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I kva grad nyttar prosjektet relevante og anerkjente FoU-metodar?

Verknader og effektar (Forprosjekt RFF Vestland)

Verdiskaping
• I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil ha potensial for berekraftig verdiskaping (sysselsetting, miljø, konkurranseevne, kommunal tenesteyting med vidare)?
• I kva grad er det gjort sannsynleg økonomiske gevinstar for søkjar og eventuelle partnarar?

Regional betyding
• I kva grad er prosjektet i tråd med prioriteringar i utlysinga?
• Er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bidra til å løyse samfunnsmessige utfordringar i Vestland?
• I kva grad har prosjektet tydeleg og truverdig berekraftprofil?

Regional kunnskapsoppbygging
•I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bidra til kunnskapsoppbygging i Vestland?

Vidareføring i hovudprosjekt
• I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bli vidareført i eit hovudprosjekt (finansieringskilde, forankring og potensielle partnarar)?

Gjennomføring (Forprosjekt RFF Vestland)

Kvalitet på organisering av prosjektet:
• I kva grad er det samanheng mellom mål, delmål og aktivitetar?
• I kva grad er arbeidsplanen og ressursane i tråd med mål, tidsplan og leveransar i arbeidspakkane?
• Er tidsplan og ressursbruk realistisk i forhold til planlagde aktivitetar?

Kvalitet på prosjektleiar og prosjektgruppe:
• I kva grad har prosjektleiar relevant kompetanse og erfaring for å leie eit FoU-prosjekt retta mot innovasjon og verdiskaping?
• I kva grad har prosjektgruppa den nødvendige kompetansen og ekspertisen for å gjennomføre prosjektet på ein effektiv måte?
• I kva grad er leiing og styring i prosjektet organisert på ei eigna måte?

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

I tillegg vil det bli lagt vekt på Etikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er aktuelt.   

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei føringane som er gitt i utlysinga. Søknader med formelle feil kan bli avvist utan vidare fagvurdering. Søknader utan formelle feil blir vurdert av eit regionalt fagpanel. Søknader motteke mellom 22. september og 2. november vil bli behandla av styret. Vedtak vert fatta i styremøte 8. desember. Seinare søknader får vedtak i 2021"

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2024, kl. 11.25 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.