Regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet (2022)
Last ned utlysningen
Last ned maler
27. januar vil styret for RFF Vestland gjere vedtak om kva prosjekt som får støtte.
Viktige datoer
8. sep. 2021
Open for søknad
20. okt. 2021
Søknadsfrist
1. feb. 2022
Tidlegaste tillate prosjektstart
1. jun. 2022
Seinaste tillatte prosjektstart
31. mai 2025
Seinaste tillate prosjektslutt
Viktige datoer
Formål
Eit innovasjonsprosjekt i næringslivet er leia av ei bedrift i Vestland og har eit omfattande innhald av forsking og utvikling (FoU). Prosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til innovasjon og berekraftig verdiskaping for bedriftene som deltek i prosjektet. Det skal også gi samfunnsøkonomiske gevinstar i Vestland fylke, ved at ny kunnskap og nye løysingar blir gjort breitt tilgjengeleg.
Utlysinga har to tema: Klimaomstilling og grønt skifte og Samfunnstryggleik og beredskap.
Om utlysningen
RFF Vestland lyser ut inntil 10 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland. Utlyst sum gjeld tre utlysingar som alle har same tema og søknadsfrist. Alle søknader vil konkurrere om dei same midlane.
Tema er:
- Klimaomstilling og grønt skifte
- Samfunnstryggleik og beredskap
Denne utlysinga gjeld regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet.
Støtteordninga regionale forskingsfond er meldt til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. Ordninga skal praktiserast i tråd med reglar for statsstøtte i EØS-avtalen. Meir informasjon om statsstøtte er under overskrifta "Forutsetninger for tildeling av støtte".
Hvem kan søke?
- Bedrifter og samanslutningar av bedrifter (t.d. bedriftsnettverk og klynger) i Vestland fylke
- Kommunale bedrifter/føretak og andre typar føretak i Vestland fylke med økonomisk aktivitet i ein marknad
- Søkjar må vere registrert i det norske foretaksregisteret.
Hvem kan delta i prosjektet?
Krav til samarbeid og roller i prosjektet
- Prosjektansvarleg bedrift må ha eit faktisk samarbeid med minst ei anna bedrift i Vestland (samarbeidspartnar). Når ei stor bedrift søkjer er det krav til faktisk samarbeid med minst ei SMB-bedrift i Vestland. (Definisjon av bedrift og størrelse følgjer EU sitt regelverk, sjå forklaring på Skattefunn si nettside).
- Prosjektansvarleg må dokumentere relevant forskingskompetanse i eigen organisasjon, hos samarbeidspartnar eller gjennom innkjøp frå ein FoU- leverandør. Relevant forskingskompetanse kan vere dr. grad. eller dokumentert publisering av forskingsresultat.
- Prosjektansvarleg eller ein samarbeidspartnar kan ikkje ha eit bindande forhold til ein FoU-leverandør i prosjektet, for eksempel i konsernrelasjon.
- Bedrifter (prosjektansvarleg og samarbeidspartnarar) i prosjektet som har bindande forhold til kvarandre, vil bli rekna som ein og same støttemottakar etter statsstøtteregelverket.
- Fleire aktørar i og utanfor Vestland kan delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.
- Utanlandske aktørar kan vere partnar som bærer sine eigne kostnader i prosjektet eller FoU-leverandør som fakturerer alle sine kostnader til prosjektansvarleg.
- Samarbeidspartnarar eller FoU-leverandørar (utanom prosjektansvarleg søkjar) må registrerast under "Samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar" i søknadsskjemaet. Les meir om samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar.
- Prosjektansvarleg søkjar må sikre finansiering av prosjektet utover støtte frå RFF Vestland
Samarbeid om innovasjon og forsking
- Prosjektet tar utgangspunkt i ein unik innovasjonsidé hos ein eller fleire bedrifter som samarbeider i prosjektet. Dei forventa resultata kan være eit nytt produkt, ei ny teneste, ein ny produksjonsprosess, eller ei ny måte å levere produkt og tenester på. Også vesentlege forbetringar eller nye eigenskapar ved eksisterande produkt, tenester eller prosessar hos bedrifta(ne), kan vere eit resultat.
- Bedriftene i prosjektet har behov for ny kunnskap eller ny teknologi for å kunne lukkast med innovasjonen. Kunnskapen og teknologien blir utvikla gjennom FoU-aktivitet med bruk av anerkjent metodikk. FoU-aktivitetane må være industriell forsking eller eksperimentell utvikling som definert i statsstøtteregelverket.
- Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarane må ha tilgang til den FoU-kompetansen som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet.
Hva kan du søke om støtte til?
RFF Vestland støtter kostnader knytt til FoU-aktivitetar i prosjektet. Vi gir ikkje støtte til drift eller tiltak for å nytte FoU-resultata, slik som beskyttelse av immaterielle rettar, marknadsundersøkingar og marknadsføring, uttesting og ferdigstilling av nye produkt og tenester. Slike kostnader kan ikkje vere med i prosjektbudsjettet.
Omfang av støtte
Graden av støtte til bedrifta sine prosjektkostnader er avhengig av storleik på bedrifta og type FoU-aktivitet. Støttegraden vil variere frå 25 til 70 prosent, jf. statsstøtteregelverket sjå "Artikkel 25: Støtte til forsknings- og utviklingsprosjekter" i tabellen og lenka under.
Type bedrift/type aktivitet |
Industriell forsking |
Eksperimentell utvikling |
Små bedrifter |
70 % |
45 % |
Mellomstore bedrifter |
60 % |
35 % |
Store bedrifter |
50 % |
25 % |
Les meir om regelverket for statsstøtte.
Endeleg støttebeløp vil bli endeleg fastlagt når vi inngår kontrakt med dei som får støtte.
Sett prosjektbudsjettet opp etter Forskingsrådet sine retningsliner.
Bryt prosjektbudsjettet ned på følgjande kostnadstypar:
- Personal- og indirekte kostnader, som er kostnader knytt til bedriftene si eigenutført FoU i prosjektet
- Innkjøp av FoU-tenester, som er kostnader knytt til å engasjere FoU-leverandørar til å utføre FoU-oppgåver i prosjektet
- Utstyr, som er drifts- og avskrivingskostnader for vitskapleg utstyr som prosjektet er avhengig av å nytte
- Andre prosjektkostnader, som er kostnader til annan aktivitet som er nødvendig for å gjennomføre FoU-aktivitetane
Føresetnader for tildeling av støtte
- Eit føretak er ein kvar aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad. Støtte til føretak er å rekne som statsstøtte. Når eit føretak får dekka deler av sine prosjektkostnader i eit FoU-prosjekt, må dette skje etter Gruppeunntaksforordninga, art. 25 (Kommisjonsforordning (EU) nr. 651/2014).
- Anna offentleg støtte til aktivitet som inngår i prosjektet vil kunne påverke omfanget av støtte frå RFF Vestland.
- Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt er del av kontrakten med RFF Vestland.
- Forskingsresultata skal bli gjort tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
- Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.
Forskningsartikler og forskningsdata
Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal nyttast for lagring av forskingsdata i prosjektet.
Tips til søknadsprosessen
Eit godt planlagt prosjekt resulterer vanlegvis i ein godt formulert søknad. Les våre tips til ein god søknadsprosess.
Aktuelle temaområder for denne utlysningen
RFF Vestland ønskjer velkomen søknader som dekker eitt eller begge temaområda i utlysinga:
Klimaomstilling og grønt skifte
Klimaomstilling omfattar både klimagassreduksjon og klimatilpassing. Det grøne skiftet handlar om omstilling til eit samfunn der utvikling og vekst skjer innafor tolegrensa til naturen. Sirkulærøkonomi, fornybare ressursar og bioøkonomi er sentrale stikkord her.
Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som blir tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.
RFF Vestland vil prioritere prosjekt som er bransjekryssande og tek utgangspunkt i særlege vestnorske utfordringar og potensial.
Samfunnstryggleik og beredskap
Temaområdet omfattar eit vidt spekter av fag- og ansvarsområde. Tema handlar om å ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet og forebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dessutan handlar det om effektiv ulykkes- og krisehandtering.
Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som blir tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.
RFF Vestland vil prioritere prosjekt som bidrar til å styrke samhandling mellom fleire nivå og ansvarsområde.
Regional utvikling
Praktiske opplysninger
Krav til utforming
Du må opprette og sende inn søknad via Mitt nettsted (sjå «Opprett søknad»). Du kan endre og sende inn søknaden fleire gonger fram til søknadsfristen. Når søknadsfristen går ut, vil vi behandle den sist innsendte versjonen.
- Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
- Krav til samarbeid og partnarskap må vere oppfylt
- Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
- Søknadsbeløp, kva det er søkt om og eigenfinansiering er innanfor ramme fastlagt i utlysinga. Ubetalt eigeninnsats vil ikkje bli godkjend.
- Mal for prosjektskildring og partnaropplysingar i denne utlysinga skal nyttast. Alle punkta i mal for prosjektskildring skal vere fylt ut.
- Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved og må vere i PDF-format
Obligatoriske vedlegg
- Prosjektskildring på maksimalt 10 sider. Bruk mal i utlysinga.
- Partnaropplysingar for søkjarbedrift (prosjektansvarleg) og for kvar av dei samarbeidande bedriftene (bedriftspartnarane). Bruk mal i utlysinga. (Last opp som vedleggtype "Partnaropplysingar".)
- CV på inntil 4 sider for prosjektleiar og andre sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet). (Last opp som vedleggtype «CV»).
Andre vedlegg enn dei som er spesifiserte over eller lenker til nettsider, vil ikkje bli vurdert. Støttebrev eller samarbeidsavtaler er ikkje obligatoriske og skal ikkje vere med.
Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.
Alle krav i utlysinga må være oppfylt. Ufullstendige eller mangelfulle søknader kan bli avslått utan fagleg vurdering.
Vurderingskriterier
Vi vurderer søknadene etter desse kriteria:
Forskning og innovasjon | IP-Næringsliv
• I hvilken grad representerer innovasjonen noe nytt?
• I hvilken grad retter innovasjonen seg mot tydelige behov eller nye markedsmuligheter for prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere i prosjektet?
• I hvilken grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I hvilken grad benytter prosjektet relevante og anerkjente FoU-metoder?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene nødvendige for å lykkes med innovasjonen?
Virkninger og effekter | IP-Næringsliv
• I hvilken grad vil prosjektet ha potensial for bærekraftig verdiskaping i Norge med betydelige bedriftsøkonomiske gevinster for prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere?
• I hvilken grad kan prosjektet gi positive eksterne effekter, for eksempel
– i form av kunnskapsspredning gjennom nettverk og publisering
– ved at resultater kan utnyttes i annet næringsliv, offentlig sektor eller samfunnet generelt
– ved at innovasjonen kan bidra til FNs bærekraftmål eller til å løse andre viktige samfunnsutfordringer?
• I hvilken grad er de potensielle virkningene og effektene av prosjektet tydelig formulert og godt sannsynliggjort?
Gjennomføring | IP-Næringsliv
• I hvilken grad har FoU-prosjektplanen solide og gjennomarbeidede mål, arbeidspakker, milepæler, ressursinnsats og relevante risikovurderinger?
• I hvilken grad vil prosjektet ha tilgang til nødvendig FoU-kompetanse og tilstrekkelig kapasitet til å gjennomføre FoU-oppgavene?
• I hvilken grad fremtrer prosjektet som strategisk forankret hos prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere og med en egnet prosjektorganisering?
• I hvilken grad har prosjektleder egnet kompetanse og erfaring for å lede et FoU- prosjekt rettet mot innovasjon og bærekraftig verdiskaping for bedrifter?
• I hvilken grad er planen for implementering av FoU-resultatene og realisering av gevinster relevant og dekkende, for eksempel når det gjelder spørsmål som:
– håndtering av IPR
– vurderinger av konkurranseforhold og markedsrisiko
– behov og planer for investeringer
– behov og planer for partnerskap for kommersialisering eller industrialisering
– behov for utvikling av forretningsmodeller?
Samlet vurdering fra fageksperten/panelet
Regional relevans | Næringsliv
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?
I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.
Behandlingsprosedyre
Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.
Søknader utan formelle feil vil bli vurdert av eit ekspertpanel i Forskningsrådet, med normalt tre fagekspertar. Ekspertpanelet vurderer og gir ein samla karakter for kvart av kriteria Forsking og innovasjon, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering frå fageksperten/panelet.
Sekretariatet for RFF Vestland vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte mot slutten av januar 2022. (Informasjon om dato kjem seinare.)
RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Alle søknader vil bli behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2024, kl. 11.39 CET