Regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor (2023)
Last ned utlysningen
Last ned maler
16. juni: Utlysinga er planlagt. Frå 10 august vert den aktiv og du kan opprette søknad. Dersom det vert endringar i utlysingsteksten etter 16. juni, vil det blir opplyst om.
Viktige datoer
10. aug. 2022
Åpen for søknad
21. sep. 2022
Søknadsfrist
19. des. 2022
Styret fattar vedtak om kva prosjekt som får støtte
1. jan. 2023
Tidligste tillatte prosjektstart
1. jun. 2023
Seneste tillatte prosjektstart
31. mai 2026
Seneste tillatte prosjektslutt
Viktige datoer
Siste oppdateringer
Engelsk mal for prosjektbeskriving er lagt ut. / Template for project description is available in English.
Formål
Innovasjonsprosjekt i kommunal sektor er leia av ei kommunal verksemd i Vestland og har eit omfattande innhald av forsking og utvikling (FoU). Prosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til å styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør. Prosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for kommunane som deltek i prosjektet og støtte opp om innovasjonsprosessar som kan bidra til å nå relevante mål eller planar for desse.
Om utlysningen
RFF Vestland lyser ut inntil 10 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland. Utlyst sum gjeld tre utlysingar som har same søknadsfrist. Søknader til dei tre utlysingane vil konkurrere om dei same midlane.
Denne utlysinga gjeld innovasjonsprosjekt i kommunal sektor, der prosjekta skal bidra til å styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør.
Støtteordninga regionale forskingsfond er praktisert i tråd med reglar for statsstøtte i EØS-avtalen.
Hvem kan søke?
- Ei kommunal verksemd i Vestland fylke, inkludert fylkeskommunen og interkommunale samarbeidsorganisasjonar/organ.
- Prosjektansvarleg må vere registrert med organisasjonsnummer
- Prosjektansvarleg kan ikkje vere ei kommunale bedrifter/føretak med økonomisk aktivitet i ein marknad. Desse kan søkje om regionalt innovasjonsprosjekt i næringslivet.
Hvem kan delta i prosjektet?
Krav til samarbeid og roller i prosjektet
- I tillegg til prosjektansvarleg søkjar må minst ein annan kommune i Vestland og ein godkjend forskingsorganisasjon delta i prosjektet i eit faktisk samarbeid
- Faktisk samarbeid betyr at partane utveksler kunnskap eller teknologi for å nå eit felles mål på grunnlag av arbeidsdeling i prosjektet. Samarbeidspartnarane skal delta aktivt i planlegging og gjennomføring av prosjektet, inkludert finansiering.
- Prosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for kommunane som deltek i prosjektet og støtte opp om innovasjonsprosessar som kan bidra til å nå relevante mål eller planar for desse.
- Fleire aktørar i og utanfor Vestland kan delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.
- Utanlandske aktørar kan delta. Dei kan vere partnar som bærer sine eigne kostnader i prosjektet eller FoU-leverandør som fakturerer alle sine kostnader til prosjektansvarleg.
- Alle samarbeidspartnarar eller FoU-leverandørar (utanom prosjektansvarleg søkjar) må registrerast under "Samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar" i søknadsskjemaet. Les meir om samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar.
- Prosjektansvarleg må sikre finansiering av prosjektet utover støtte frå RFF Vestland
Anna samarbeid
RFF Vestland oppmodar til samarbeid med andre offentlege verksemder, næringsliv, interesseorganisasjonar og andre aktørar som er relevante for prosjektet.
Brukarmedverknad
Brukarmedverknad og brukarkunnskap er i mange samanhengar avgjerande for å lukkast i innovasjonsarbeidet. I prosjekt der det er relevant, bør ein legge opp til brukarmedverking, og brukarperspektivet bør vere tydeleg.
Hva kan du søke om støtte til?
RFF Vestland støtter kostnader knytt til FoU-aktivitetar i prosjektet. I prosjektbeskrivinga skal du også skildre andre aktivitetar og tiltak som er nødvendige for å realisere innovasjonen, men slike kostnader kan ikkje vere med i prosjektbudsjettet.
Omfang av støtte
RFF Vestland kan dekke inntil 70% av godkjende kostnader i prosjektet. Dersom eit føretak med økonomisk aktivitet inngår i eit faktisk samarbeide i prosjektet, vil støtte til føretaket bli gitt etter statsstøtteregelverket.
Sett prosjektbudsjettet opp etter Forskingsrådet sine retningsliner.
Bryt prosjektbudsjettet ned på følgjande kostnadstypar:
- Personal- og indirekte kostnader, som er kostnader hos prosjektansvarleg institusjon og andre prosjektutførande samarbeidspartnarar i offentleg sektor, i næringslivet og i forskingsorganisasjonar i Noreg
- Innkjøp av FoU-tenester, som er kostnader ved å engasjere FoU-leverandørar til å utføre FoU-oppgåver i prosjektet
- Utstyr, som er drifts- og avskrivingskostnader for vitskapleg utstyr som prosjektet er avhengig av å nytte
- Andre prosjektkostnader, som er kostnader til annan aktivitet som er nødvendig for å gjennomføre FoU-aktivitetane
Føresetnader for tildeling av støtte
- FoU-aktivitetane må være industriell forsking eller eksperimentell utvikling som definert i statsstøtteregelverket. (Sjå "Artikkel 25: Viktige definisjoner")
- Vi føreset at forskinga vil bli gjennomført i eit faktisk samarbeid.Støtte til forskingsorganisasjonar som inngår i eit faktisk samarbeid i prosjektet går til deira ikkje-økonomiske aktivitet. Dette er etter ESA sine retningsliner for offentleg støtte til forsking, utvikling og innovasjon. Eit rekneskapsmessig skilje mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet må vere på plass. RFF Vestland har rett til innsyn i kva timesatsar som vil bli nytta.
- Dersom ein samarbeidspartnar er å rekne som eit «føretak» etter statsstøtteregelverket, vil føretaket bli mottakar av statstøtte. Som regel er eit føretak ei bedrift, men i denne samanhengen er det ein kvar aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad. Det kan også gjelde offentlege eigde føretak eller bedrifter. Når eit føretak skal få dekka deler av sine kostnader i prosjektet, må det skje etter Gruppeunntaksforordningas art. 25 (Kommisjonsforordning (EU) nr. 651/2014). Støtte vil bli gitt til aktivitetane «industriell forsking» og «eksperimentell utvikling» som har ulike støttegrad. Større bedrifter har rett til lågare støtte enn mindre bedrifter. Bedrifter (prosjektansvarleg og samarbeidspartnarar) i prosjektet som har bindande forhold til kvarandre, vil bli rekna som ein og same støttemottakar etter statsstøtteregelverket.
- Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt er del av kontrakten med RFF Vestland.
- Forskingsresultata skal bli gjort tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
- Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.
Forskningsartikler og forskningsdata
Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal nyttast for lagring av forskingsdata i prosjektet.
Tips til søknadsprosessen
God prosjektplanlegging ligg til grunn for ein godt formulert søknad. Les våre tips til ein god søknadsprosess.
Aktuelle temaområder for denne utlysningen
- Prosjektet skal bidra til å styrke kommunar i Vestland som berekraftige utviklingsaktørar innan det sosiale, økonomiske og/eller miljøfaglege området.
- Prosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar hos kommunane som deltek i prosjektet, og støtte opp om innovasjonsprosessar som kan bidra til å nå relevante mål eller planar for desse. Slike innovasjonar kan vere nye eller vesentleg endra produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer eller liknande.
- Prosjektet skal gi ny og relevant kunnskap for kommunal sektor ut over dei som deltek i prosjektet.
I søknadsskjemaet skal relevante temaområde innan regional utvikling merkast av.
Regional utvikling
Praktiske opplysninger
Krav til utforming
Du må opprette og sende inn søknad via Mitt nettsted (sjå «Opprett søknad»). Du kan endre og sende inn søknaden fleire gonger fram til søknadsfristen. Når søknadsfristen går ut, vil vi behandle den sist innsendte versjonen.
- Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
- Krav til samarbeid og partnarskap må vere oppfylt.
- Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
- Søknadsbeløp, kva det er søkt om og eigenfinansiering er innanfor ramme fastlagt i utlysinga. Ubetalt eigeninnsats vil ikkje bli godkjend.
- Mal for prosjektskildring og partnaropplysingar i denne utlysinga skal nyttast.
- Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved og må vere i PDF-format
Obligatoriske vedlegg
- Prosjektskildring på maksimalt 10 sider. Bruk mal i denne utlysinga. Alle punkta i malen må vere fylt ut.
- Partnaropplysingar for alle samarbeidspartnarane, inkludert prosjektansvarleg kommunal organisasjon (Last opp som vedleggtype "Partnaropplysingar").
- CV på inntil 4 sider kvar for prosjektleiar og inntil 5 sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet).
Andre vedlegg enn dei obligatoriske eller lenker til nettsider, vil ikkje bli vurdert. Støttebrev eller samarbeidsavtaler er ikkje obligatoriske og skal ikkje vere med.
Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.
Alle krav i utlysinga må være oppfylt. Ufullstendige eller mangelfulle søknader kan bli avslått utan fagleg vurdering.
Vurderingskriterier
Fagekspertar vurderer kriteria Forsking og innovasjon, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering. Sekretariatet for RFF Vestland vurderer regional relevans.
Forskning og innovasjon | IP-Offentlig sektor
• I hvilken grad representerer innovasjonen noe nytt?
• I hvilken grad vil innovasjonen bidra til å løse en utfordring og/eller møte et erkjent behov?
• I hvilken grad har prosjektet potensial for å frembringe ny kunnskap som gir grunnlag for innovasjon?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene nødvendige for å lykkes med innovasjonen?
• I hvilken grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I hvilken grad benytter prosjektet relevante og anerkjente FoU-metoder?
Virkninger og effekter | IP-Offentlig sektor
Verdiskaping og realisering av gevinster
• I hvilken grad er potensielle virkninger og effekter tydelig formulert og troverdige?
• I hvilken grad vil prosjektet gi grunnlag for verdiskaping hos søker og partnere i offentlig sektor?
• I hvilken grad er plan for realisering av gevinster relevant og dekkende, herunder risikovurderinger, planer, metoder, ressursbehov, partnere, forankring og roller?
• I hvilken grad kan prosjektet gi andre positive samfunnseffekter, for eksempel
– i form av utnyttelse av resultater hos andre deler av offentlig sektor, næringsliv og andre aktører
– ved at innovasjonen bidrar til FNs bærekraftmål eller til å løse andre viktige samfunnsutfordringer?
Formidling, deling og spredning
• I hvilken grad er formidling og kommunikasjonsaktiviteter tydelig formulert og rettet mot relevante målgrupper?
• I hvilken grad er potensialet for deling og spredning tydelig formulert og sannsynliggjort?
• I hvilken grad har prosjektet planer for spredning til andre deler av offentlig sektor?
Gjennomføring | IP-Offentlig sektor
Kvalitet på prosjektets organisering og ledelse
• I hvilken grad er arbeidsplanen velegnet, inkludert om ressursene til de forskjellige arbeidspakkene er tilstrekkelig og i tråd med den enkelte arbeidspakkes mål, tidsplan og leveranser?
• I hvilken grad er samarbeidspartnerne de rette til å gjennomføre FoU-aktivitetene og med en tydelig og relevant fordeling av budsjett, roller og ansvar?
• I hvilken grad er ledelse, styring og forankring i prosjektet ivaretatt?
Kvalitet på prosjektleder og prosjektgruppe
• I hvilken grad har prosjektleder relevant kompetanse og erfaring for å lede et FoU-prosjekt rettet mot innovasjon og verdiskaping i offentlig sektor?
• I hvilken grad sikrer prosjektgruppen den nødvendige kompetansen og ekspertisen for å gjennomføre prosjektet på en effektiv måte?
Samlet vurdering fra fageksperten/panelet
Regional relevans | Kommunal sektor
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?
I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.
Behandlingsprosedyre
Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.
Søknader utan formelle feil vil bli vurdert av eit ekspertpanel i Forskingsrådet.
Sekretariatet for RFF Vestland vurderer regional relevans og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte i møte den 19. desember 2022. Informasjon om kva søknader som før støtte vil bli lagt ut på denne nettsida 19./20. desember.
RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Alle søknader vil bli søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2024, kl. 10.53 CET