Marin satsing - Regionale forprosjekt RFF Vestland 2023
Last ned utlysningen
Last ned maler
Det er no 2 millionar kroner tilgjengeleg i denne utlysinga. Søknader levert seinast 10. oktober får styrebehandling og vedtak innan utgangen av november. Send gjerne inn tidlegare, då sekretariatet vil melde tilbake om eventuelle formelle feil som søkar vil kunne rette opp før 10. oktober.
Formål
Forprosjektet skal vere eit innleiande forskingsarbeid. Forprosjektet skal medverke til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt), som støtter opp om innovasjon og berekraftig verdiskaping i marin næring i Vestland.
Om utlysningen
RFF Vestland lyser ut inntil 2 millionar kroner til forprosjekt i bedrifter som del av ei eiga marin satsing i Vestland fylke i 2023. Ordinær utlysing for RFF forprosjekt finn du her.
Søknader til behandling i 2023 må vert sendt innan 10. oktober.
Det er ikkje mogleg å endre på ein søknad som alt er levert, slik det er ved utlysing som har fast søknadsfrist. Har du behov for å endre på innsendt søknad må du trekke han og deretter opprette ein ny søknad. Sist innsendt søknad vil bli behandla.
Bedrifter kan søkje om kvalifisering til innovasjonsprosjekt.
Eit forprosjekt skal:
- leie fram til ein søknad om hovudprosjekt (Innovasjonsprosjekt i næringslivet, samarbeidsprosjekt eller tilsvarande søknadstypar i Horisont Europa)
- løyse forskingsutfordringar som er kritiske for å etablere og/eller gjennomføre eit hovudprosjekt
- ha klart definerte forskingsspørsmål
- ta utgangspunkt i kunnskaps- og forskingsfronten
Støtte kan ikkje nyttast til:
- kartlegging av forskingslitteratur
- marknadsundersøkingar og marknadsføring
- etablering av nettverk og klynger
- å skrive ein hovudprosjektsøknad
Tips til søknadsprosessen
Bruk gjerne Forskingsrådet sitt verktøy prosjektkanvas i planlegging av prosjektet. Her kan du lese om prosjektkanvas og andre tips til søknadsprosessen.
Hvem kan søke?
Bedrifter i Vestland fylke.
Hvem kan delta i prosjektet?
Krav til prosjektansvarleg søkjar
Prosjektansvarleg må vere:
- Ei bedrift eller samanslutning av bedrifter lokalisert i Vestland som er registrert i det norske foretaksregisteret.
Søknaden skal vere forankra i søkjarorganisasjonen/verksemda si leiing og eigne strategiar. Dette må kome tydeleg fram i søknaden.
Søkjar må sikre finansiering av prosjektet ut over støtte frå RFF Vestland og vil være prosjektansvarleg ved kontraktsinngåing med RFF Vestland.
I tillegg kan fleire aktørar i og utanfor Vestland delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.
Krav til samarbeid i prosjektet:
Krav til søknader frå bedrifter:
- Prosjektansvarleg må dokumentere relevant forskingskompetanse i partnarskapen eller gjennom innkjøp frå ein FoU-leverandør.
- dersom ein stor bedrift søkjer, er det krav til faktisk samarbeid med ein SMB-bedrift i Vestland fylke. Definisjon av bedrift og storleik følgjer EU sitt regelverk, sjå forklaring på Skattefunn si nettside.
- Det må kome fram i søknaden at prosjektet er strategisk forankra hos alle samarbeidspartnarane, og korleis dei deltek aktivt i prosjektet. Søknaden skal vise til kunnskaps- og innovasjonsbehov i næringsliv i Vestland.
Kva betyr faktisk samarbeid?
En samarbeidspartnar skal gjennomføre FoU-prosjektet i faktisk samarbeid med prosjektansvarleg og andre eventuelle samarbeidspartnarar. Eit slikt samarbeid er kjenneteikna av at partane utvekslar kunnskap eller teknologi for å nå eit felles mål på grunnlag av arbeidsdeling i prosjektet. Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarane definerer i fellesskap omfanget av prosjektet, bidrar til gjennomføring av prosjektet og deler risiko og resultat. Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarane skal avtale fordeling av rettigheiter og pliktar knytt til prosjektgjennomføring og prosjektresultat i ein samarbeidsavtale.
Hva kan du søke om støtte til?
Bedrifter kan søke om:
- Tilskot på mellom kr. 200 000 til 500 000 per prosjekt.
- Inntil 70 % støtte av samla godkjende prosjektkostnader til aktivitetar definert som industriell forsking og/eller eksperimentell utvikling innan ramma for statsstøtteregelverket. Prosjektansvarleg og samarbeidspartnar(ar) skal finansiere minst 30 % av totale prosjektkostnader i form av eigeninnsats eller kontantbidrag.
Føresetnader for støtte
- Prosjektet kan ikkje føre kostnadar tidlegare enn dato for vedtak om støtte.
- Berre utgifter som blir reknskapsført hos prosjektansvarleg, herunder inberetta lønn, blir lagt til grunn for godkjenning av prosjektkostnader. Budsjettering skal følgje Forskningsrådet sin reglar.
- Bedriftar vil verte tildelt støtte etter den såkalla gruppeunntaksforordninga (Kommisjonsforordning 651/2014 av 17. juni 2014) artikkel 25. I tillegg må dei generelle vilkåra i forordninga kapittel I vere oppfylt. Reglane finn du her.
- Regionale forskingsfond nyttar Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt ved tilsegn om støtte.
Aktuelle temaområder for denne utlysningen
Bedrifter kan søkje:
1. Teknologi- og produksjonsutfordringar i oppdrett
- Lus, fiskesjukdomar, samt eit høgt tal fisk som døyr før slakting, er eit særleg stort problem for lakseoppdrett i Vestland fylke. Vi treng ny kunnskap om korleis vi kan redusere dødelegheit og betre fiskevelferda gjennom optimalisering av ulike produksjonsmetodar.
- Det er framleis behov for forsking kring løysingar knytt til lakselus og oppdrettslaksen sin negative påverknad på vill laks.
- Vi treng også kunnskap om korleis vi kan løyse utfordringar knytt til produksjon av aure, torsk og utvikling av tare som oppdrettsartar.
- Vidare er det behov for forsking som legg til rette for betre bruk av industridata & digitalisering for å møte teknologi- og produksjons-utfordringar i oppdrettsnæringa.
2. Ei sirkulær oppdrettsnæring i Vestland
- Slam frå fiskeoppdrett er ein ressurs som vert nytta i for liten grad. Slikt slam har i mange tilfelle eit høgt næringsinnhold og ei rekke potensielle bruksområde. Vi treng ny kunnskap som bidrar til høgare bruksgrad av slam frå fiskeoppdrett.
- I fiskeoppdrett vert det nytta ulike typar plast, særleg i den sjøbaserte matfisk-fasen. Det er behov for forsking som kan bidra til redusert mengde plast på avvege Det er også behov for ny kunnskap om korleis auke levetida på plast komponentar, moglegheiter for reperasjon, gjenbruk og forbetra teknologi for gjenvinning av materiale.
3. Meir berekraftig fiskefôr
- Det er mange utfordringar knytt til produksjon av meir berekraftig fôr til oppdrettsfisk. Til dømes er heile 2/3 av klimautsleppa frå fiskeoppdrett knytt til produksjon og transport av fiskefôr. Dette heng mellom anna saman med at berre 1/10 av råvarene har norsk opphav. Det er behov for forsking som gir ny kunnskap om korleis ein kan utnytte norsk råstoff til fiskefôr på ein betre måte. Særleg er det ønskjeleg med forsking som rettar seg mot produksjon, teknologi og biologi knytt til råvarer som blåskjel, tunikatar, makroalgar, insekt, gras, mikroalgar, sopp, bakteriar, kril, mesopelagisk fisk og raudåte, osb. – samt bi-produkt frå fiskeri, havbruk, og landbruk.
Regional utvikling
Praktiske opplysninger
Krav til utforming
- Søknaden må vere sendt inn via "Mitt nettsted" (sjå "Opprett søknad")
- Søknaden må vere på nynorsk, bokmål eller engelsk
- Søknaden må vere innanfor formål, tema og rammer spesifisert i utlysninga
- Mal for prosjektskildring og partnaropplysningar i denne utlysninga skal nyttast
- Alle obligatoriske vedlegg er lagt ved i PDF-format
- Søknaden skal gjere greie for kor det er aktuelt å søkje om støtte til vidare forsking.
- Søknaden skal skildre søkjar/verksemd sin kompetanse for å gjennomføre prosjektet
- Søknaden skal skildre korleis prosjektet inngår i verksemda sine planar og strategiar
Obligatoriske vedlegg
- Prosjekskildring for forprosjekt (bruk mal i utlysninga) (inntil 5 sider inkludert referansar)
- CV for prosjektleiar og CV for sentrale forskarar og prosjektmedarbeidarar (inntil 4 sider) (Det står i eSøknadsskjemaet om at "Mal for CV skal brukes" gjeld ikkje .)
- Partnaropplysingar for bedrifter (bruk mal i utlysinga). Skal fyllast ut av prosjektansvarleg bedrift, deltakande bedrifter og andre føretak (aktørar som leverer varar og tenester i ein marknad).
Andre vedlegg vil ikkje bli vurdert.
Ufullstendige eller mangelfulle søknadar vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.
Vurderingskriterier
Eit fagpanel vurderer:
Forsking og innovasjon, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering frå fagekspertar/panel
Administasjonen vurderer:
Regional relevans
I tilleg vil det bli lagt vekt på Etikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.
Forsking og innovasjon (Forprosjekt RFF Vestland)
• I kva grad er det gjort sannsynleg at innovasjonen vil realisere ei moglegheit, løyse ei utfordring og/eller møte eit erkjent behov?
• I kva grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
• I kva grad er FoU-aktivitetane nødvendige for å lukkast med innovasjonen?
• I kva grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I kva grad nyttar prosjektet relevante og anerkjente FoU-metodar?
Verknader og effektar - Marin satsing 2023
• I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil ha potensial for berekraftig verdiskaping (sysselsetting, miljø, konkurranseevne med vidare)?
• I kva grad er det gjort sannsynleg økonomiske gevinstar for søkjar og eventuelle partnarar?
Regional betyding
• Er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bidra til å løyse samfunnsmessige utfordringar i Vestland?
• I kva grad har prosjektet tydeleg og truverdig berekraftprofil?
Regional kunnskapsoppbygging
•I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bidra til kunnskapsoppbygging i Vestland?
Vidareføring i hovudprosjekt
• I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bli vidareført i eit hovudprosjekt (finansieringskilde, forankring og potensielle partnarar)?
Gjennomføring (Forprosjekt RFF Vestland)
• I kva grad er det samanheng mellom mål, delmål og aktivitetar?
• I kva grad er arbeidsplanen og ressursane i tråd med mål, tidsplan og leveransar i arbeidspakkane?
• Er tidsplan og ressursbruk realistisk i forhold til planlagde aktivitetar?
Kvalitet på prosjektleiar og prosjektgruppe:
• I kva grad har prosjektleiar relevant kompetanse og erfaring for å leie eit FoU-prosjekt retta mot innovasjon og verdiskaping?
• I kva grad har prosjektgruppa den nødvendige kompetansen og ekspertisen for å gjennomføre prosjektet på ein effektiv måte?
• I kva grad er leiing og styring i prosjektet organisert på ei eigna måte?
Regional relevans | Marin satsing 2023
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?
Samlet vurdering fra fageksperten/panelet
Behandlingsprosedyre
Sekreteriatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor formål, tema og rammer for utlysninga. Søknader med formelle feil kan bli avvist utan vidare fagvurdering. Søknader utan formelle feil blir vurdert av eit regionalt fagpanel. sekretariatet for RFF Vestland vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret.
Søknader motteke seinast 3. mai vil bli behandla i styremøte 20. juni.
RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre i Vestland fylkeskommune og offentlege aktørar (som Innovasjon Norge og Forskingsrådet), der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Utover dette, vert alle søknader behandla etter Lov om offentlegheit § 26, fjerde avsnitt.
Prosjektansvarleg søkjar vil få svar via digital post etter at vedtak er fatta i styremøta. Same dag eller dagen etter styremøta legg vi også ut oversikt på nettsida vår over kva prosjekt som får støtte.
Last ned maler
Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2024, kl. 10.26 CET