FORREGION Vestland - forskar til låns 2024
Bedrifter som vil søkje om støtte til forprosjekt FORREGION må først etablere kontakt med ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland.
Formål
Målet med ordninga "Forskar til låns" er å auke samarbeidet mellom bedrifter og FoU-organisasjonar. I eit «Forskar til låns» prosjekt skal ein forskar for ein avgrensa tidsperiode jobbe saman med tilsette i bedrifta om ein konkret prosjektidé. Prosjektet må vere slik innretta at både forskaren og bedrifta kan ha fagleg nytte av samarbeidet.
Bedrifta må ha ambisjon om at prosjektet skal føre til vidare forsking.
Om utlysningen
Prosjektet er eit innleiande forskinssamarbeid og bedrifta må ha ambisjon om vidare forsking. Søkjar må vise at «forskar til låns» prosjektet kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og/eller klimaomstilling i Vestland fylke. Utlysinga av «forskar til låns» er del av ei regional mobilitetssatsing, der samarbeid og gjensidig nytte mellom bedrift og forskar vert lagt vekt på. Samstundes må det kome klart fram at ambisjonen i prosjektet er å bidra til planlagt forsking med sikte på å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter. Forskaren i prosjektet må vere tilsett i ein godkjend forskingsorganisasjon.
Ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland må vere kopla på i prosessen med å utvikle søknaden. Dette inneber mellom anna rettleiing i utvikling av søknaden samt ei kvalitetssikring av at han er riktig utfylt og at obligatoriske vedlegg er lagt ved før innsending. Kompetansemekling er ei gratis teneste for bedrifter.
Ramme for støtte
Bedrifter i Vestland fylke kan søkje om støtte på inntil kr. 100 000 frå FORREGION Vestland. Det er krav om minimum 30 % eigenfinansiering av dei totale prosjektkostnadene.
Hvem kan søke?
Bedrifter med lita eller ingen forskingserfaring som jobbar med å utvikle nye produkt, prosessar eller tenester som kan verte styrka ved hjelp av forsking, kan søke om tilskotsmidlar. Bedrifter som er eller har vore prosjektansvarleg i hovudprosjekt finansiert av Forskningsrådet, Regionale forskningsfond (RFF) eller EUs forskingsprogram, dei siste fem år, vert rekna som erfarne FoU-føretak i denne samanheng, og kan ikkje søke.
Bedrifta må ha adresse eller vesentleg aktivitet i Vestland fylke.
Hvem kan delta i prosjektet?
Krav til prosjektansvarleg
Bedrifter som søker skal stå som prosjektansvarleg i søknadsskjemaet. Administrativt ansvarleg er den personen hos bedrifta som har fullmakt til å representere og forplikte organisasjonen ovanfor Vestland fylkeskommune.
Det vert oppmoda til mangfald og god kjønnsbalanse i prosjektorganiseringa.
Krav til prosjektleiar
Prosjektleiar må ha fagleg kompetanse på temaområdet i søknaden og/eller prosjektleiarkompetanse. Prosjektleiar er forskaren sin kontaktperson.
Krav til samarbeidet med forskaren
Forskaren som deltek i prosjektet må være tilsett ved ein forskingsorganisasjon som er godkjent av Forskningsrådet.
Forskingsorganisasjonen der forskaren er tilsett skal registrerast som FoU-leverandør i søknadsskjemaet
Forskaren må ha minst 5 års relevant arbeidserfaring, som også kan omfatte doktorgradsstudie.
Hva kan du søke om støtte til?
Tilskotet frå FORREGION Vestland skal gå til å dekke forskaren sine personalkostnader og kostnader for reise og opphald.
Følgjande kostnader i bedrifta kan også inngå i prosjektet:
- personal- og indirekte kostnader hos bedrifta
- andre driftskostnader
- Timesatsen for eigne tilsette er avgrensa til 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Timesatsen kan ikkje overstige 700 kroner per time.
Eigenfinansiering
Bedrifta må stille med eigenfinansiering. Eigenfinansiering i prosjektet kan vere kontantar og/eller prosjektrelevante og lønsutbetalte timar for prosjektmedarbeidarar. Personal- og indirekte kostnader må reknast ut på bakgrunn av faktiske kostnader. Timesatsen for eigne tilsette er avgrensa til 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Timesatsen kan ikkje overstige 700 kroner per time. Andre relevante driftskostnader i bedrifta kan også inngå som del av eigeninnsatsen. Innhaldet i slike må kome klart fram i søknaden.
Bedrifter som bidreg med eigeninnsats i form av eigenutført og lønsutbetalte timar må være ajour med innbetaling av arbeidsgjevaravgift og skattetrekk.
Aktuelle temaområder for denne utlysningen
Samarbeidet i «forskar til låns» skal rette seg inn mot eit eller fleire av følgjande tema:
A) Berekraftig og eksportretta industriutvikling samt havøkonomi
B) Sirkulær økonomi – berekraftig ressursforvaltning
C) Bioøkonomi «blå» og» grøn» - produksjon av mat og berekraftig bruk av biologiske ressursar
D) "Grøn» gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien
Temaplan forsking for Vestland fylke 2022 – 2027 gir meir informasjon om innhaldet i dei fire temaa
Regional utvikling
Praktiske opplysninger
Krav til utforming
Du må opprette og sende inn søknaden via elektronisk søknadsskjema på Forskningsrådet sin søkjeportal «Mitt nettsted». Bruk knappen "Opprett søknad" for å opprette søknad på «Mitt nettsted».
Du kan lagre og endre på søknaden mens du arbeider med den. Når søknaden er sendt inn, kan du ikkje endre den. Det er likevel mogleg å opprette ein ny søknad, f.eks. som kopi av den du har sendt inn – og på den måten sende inn ein ny versjon.
Obligatoriske vedlegg
- Prosjektskildring på maks 5 sider. Bruk standard mal du kan laste ned nedst på denne sida. Vi vurderer berre prosjektskildringar som er skriven i denne malen.
- CV for prosjektleiar i bedrifta og til forskaren som samarbeider i prosjektet
- Ei stadfesting frå forskaren sin arbeidsgivar som godkjenner deltaking i prosjektet i tråd med søknaden
- Skjema for partnaropplysningar. Bedrifta som søkjer skal også fylle ut dette skjemaet. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida.
- Eigenerklæring for private bedrifter. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida.
Alle vedlegga skal være i PDF-format. Vær nøye med å laste opp riktig vedlegg, ettersom det ikkje er lagt inn tekniske avgrensingar på kva slags dokumenttype det er mogleg å laste opp.
Søknader som ikkje oppfyller krava over vil kunne bli avvist.
Valfrie vedlegg
- CV for andre sentrale deltakarar i prosjektet
Andre vedlegg enn dei som er spesifisert ovanfor vil ikkje bli vurdert
Øvrige vilkår
- I søknadsskjemaet må du informere om det er søkt støtte til same eller liknande prosjekt frå andre offentlege støtteordningar.
- Dersom prosjekt som har fått tilskott ikkje blir gjennomført eller har manglar ved rapportering, kan Vestland fylkeskommune krevje at utbetalt tilskott vert tilbakebetalt.
Vurderingskriterier
Søknader vil bli vurdert etter tre hovudkriteria. I tillegg vert det gitt ei samla vurdering.
Meir informasjon om vurderingskriteria:
Forsking og innovasjon | FORREGION Vestland (FTL)
• I kor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
Verknader og effektar | FORREGION Vestland (FTL)
Gjennomføring | FORREGION Vestland (FTL)
• Har dei involverte i prosjektet god og relevant kompetanse for oppgåvene som er planlagt?
Samlet vurdering | FORREGION Vestland
Behandlingsprosedyre
Forventa svar på søknaden
Vi har løpande mottak av søknader gjennom året. Svar på søknaden vil skje i løpet av 2-3 veker.
Prosjektstart og prosjektslutt
Prosjektet kan ikkje starte før du har fått svar på søknaden.
Opprett søknad
Søknader til "FORREGION Vestland - forskar til låns" vert oppretta som ein eSøknad på "Mitt nettsted". Du må fylle ut og laste opp malane som vedlegg til søknaden.
Opprett søknadMeldinger ved utskriftstidspunkt 23. november 2024, kl. 13.35 CET