Søk nå

FORREGION Vestland - Forskar til låns 2025

Bedrifter som vil søkje Forskar til låns må kontakte ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland

Formål

Målet med "Forskar til låns" er å etablere og styrke samarbeidet mellom bedrifter og forskingsorganisasjonar. Støtteordninga skal bidra til å utvide nettverk, stimulere til samarbeid og bidra til utveksling av kunnskap mellom forsking og næringsliv.

Bedrifta får støtte til å engasjere ein forskar med relevant kompetanse som samarbeider med tilsette om forsking, utvikling og nyskaping i ein  periode på 4- 12 månader. Samarbeidet skal vere knytt til ein konkret prosjektide, og prosjektet må vere innretta slik at både forskaren og bedrifta har nytte av det.

Bedrifta må også ha ambisjon om at samarbeidet skal føre til vidare forsking og til søknader i større utlysningar.

Om utlysningen

Støtteordninga «Forskar til låns» gir midlar til innleiande forskingssamarbeid der bedrifta har ein ambisjon om vidare forsking. Søkaren må vise at «forskar til låns»-prosjektet kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og/eller klimaomstilling i Vestland fylke.

Utlysinga av «forskar til låns» er del av ei regional mobilitetssatsing, der samarbeid og gjensidig nytte mellom bedrift og forskar blir vektlagt. Samtidig må det kome klart fram at ambisjonen i prosjektet er å bidra til planlagt forsking med sikte på å tileigne seg ny kunnskap og nye ferdigheiter.

Ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland må vere kopla på i prosessen med å utvikle søknaden. Dette inneber mellom anna rettleiing i utvikling av søknaden, samt ei kvalitetssikring av at den er riktig utfylt og at obligatoriske vedlegg er med. Kompetansemekling er ei gratis teneste for bedrifter.

Hvem kan søke?

Ordninga er for bedrifter som har lite eller inga forskingserfaring, og som jobbar med å utvikle nye produkt, prosessar eller tenester der forsking kan gi verdifulle bidrag. Bedrifter som er eller har vore prosjektansvarlege i hovudprosjekt finansiert av Forskingsrådet, Regionale forskingsfond (RFF) eller EU sine forskingsprogram dei siste fem åra, kan ikkje søke.

Bedrifta må ha adresse eller vesentleg aktivitet i Vestland fylke.

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg

Ei bedrift må stå som prosjektansvarleg i søknadsskjemaet. Administrativt ansvarleg i søknadsskjemaet er den personen som har fullmakt til å representere og forplikte bedrifta. Dersom prosjektet er eit samarbeid mellom fleire bedrifter, skal prosjektansvarleg bedrift sende inn søknaden på vegne av alle samarbeidspartnarane. 

Det vert oppmoda til mangfald og god kjønnsbalanse i prosjektorganiseringa.

Krav til prosjektleiar

Prosjektleiar er fagleg ansvarleg og må ha solid kompetanse på temaområdet i søknaden og/eller prosjektleiarkompetanse. Prosjektleiar er forskaren sin kontaktperson. 

Krav til  samarbeidet med forskaren

Forskaren som deltar i prosjektet må være tilsett ved ein forskingsorganisasjon som er godkjend av Forskningsrådet.

Forskingsorganisasjonen der forskaren er tilsett, skal registrerast som FoU-leverandør i søknadsskjemaet.

Forskaren må ha minst fem års relevant arbeidserfaring, som også kan omfatte doktorgradsstudium.

 

Hva kan du søke om støtte til?

Bedrifter i Vestland fylke kan søke om støtte på inntil 100 000 kroner frå FORREGION Vestland. Det er krav om minimum 30 prosent eigenfinansiering av dei totale prosjektkostnadene.

Tilskotet frå FORREGION Vestland skal gå til å dekke forskaren sine personalkostnader og kostnader for reise og opphald.

Følgande kostnader i bedrifta kan også inngå i prosjektet:

  • Personalkostnader og indirekte kostnader hos bedrifta
  • Andre driftskostnader
  • Timesatsen for eigne tilsette er avgrensa til 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Timesatsen kan ikkje overstige 700 kroner per time.

Eigenfinansiering

Bedrifta må stille med eigenfinansiering. Eigenfinansiering i prosjektet kan vere kontantar og/eller prosjektrelevante og utbetalt timeløn for prosjektmedarbeidarar. Personalkostnader og indirekte kostnader må reknast ut på bakgrunn av faktiske kostnader. Timesatsen for eigne tilsette er avgrensa til 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Timesatsen kan ikkje overstige 700 kroner per time. Andre relevante driftskostnader i bedrifta kan også inngå som del av eigeninnsatsen. Det må presiserast tydeleg i søknaden kva andre driftskostnader det er snakk om.

Bedrifter som bidrar med eigeninnsats i form av eigenutført arbeid og utbetalt timeløn, må være ajour med innbetaling av arbeidsgivaravgift og skattetrekk.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

Samarbeidet i «forskar til låns» skal rette seg mot eit eller fleire av følgande tema:

  • Vestland fylke står overfor omfattande utfordringar knytt til å fremme grøn omstilling og bli mindre avhengig av oljeindustrien. For å lukkast med dette, er det nødvendig med forsking som kan bidra til sirkulær økonomi forankra i vestnorske naturressursar, fortrinn og kompetansemiljø.
  • Det er behov for meir forsking på grøn teknologiutvikling innan fagområde der Vestland fylke har særlege fortrinn, slik dette er definert i Vestlandsporteføljen 2.0. Her er det ei særleg utfordring å få meir ny kunnskap om det teknologiske, biologiske og økonomiske grunnlaget for berekraftig vekst innan dei marine næringane.
  • Det er behov for meir kunnskap om føresetnader for vellukka sirkulærøkonomiske løysingar, til dømes basert på industriell symbiose. Dette inkluderer forsking som kan sikre at Vestland fylke blir ein sentral bidragsytar til det nasjonale samfunnsoppdraget om berekraftig fôr til landbruk og havbruk.
  • I tillegg er det nødvendig med forsking på føresetnader for eit grønt reiseliv med destinasjonsutvikling basert på lokal mat- og drikkeproduksjon samt kultur- og naturressursar.
  • Utfordringar knytt til å utvikle helseindustri som eit viktig næringsområde med stort eksportpotensial for bedrifter i Vestland fylke må òg adresserast gjennom forsking.

Meir informasjon om punkta over finn du i Temaplan forsking for Vestland fylke.   

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutvikling

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

Krav til utforming

Når du trykker «Opprett søknad» kjem du til Forskingsrådet sin søkeportal «Mitt nettsted» der søknaden skal leverast. 

Du kan lagre og endre søknaden mens du arbeider med den. Når søknaden er sendt inn, kan du ikkje endre den. Det er likevel mogleg å opprette ein ny søknad, f.eks. som kopi av den du har sendt inn – og så sende inn ein ny versjon. FORREGION Vestland behandlar sist innkomne versjon av søknaden. 

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maks 5 sider. Bruk standard mal som du finn nedst på denne sida. Vi vurderer berre prosjektskildringar som er skrivne i denne malen. 
  • CV for prosjektleiar i bedrifta og for forskaren som samarbeider i prosjektet.
  • Ei stadfesting frå forskaren sin arbeidsgivar som godkjenner deltaking i prosjektet i tråd med søknaden.
  • Skjema for partnaropplysningar, berre FOR BEDRIFTER. Bedrifta som søker skal også fylle ut dette skjemaet. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida.
  • Eigenerklæring for private bedrifter. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida.

Alle vedlegga skal være i PDF-format. Vær nøye med å laste opp riktig vedlegg, ettersom det ikkje er lagt inn tekniske avgrensingar på kva slags dokumenttype det er mogleg å laste opp.

Søknader som ikkje oppfyller krava over kan bli avvist utan fagleg vurdering.

Valfrie vedlegg

  • CV for andre sentrale deltakarar i prosjektet.

Andre vedlegg enn dei som er spesifisert ovanfor vil ikkje bli vurdert

Øvrige vilkår

  • I søknadsskjemaet må du informere om bedrifta har søkt om midlar til same eller liknande prosjekt frå andre offentlege støtteordningar.
  • Dersom prosjekt som har fått støtte ikkje blir gjennomførte eller har manglar ved rapportering, kan Vestland fylkeskommune krevje at utbetalt tilskot vert tilbakebetalt.

Vurderingskriterier

Søknaden blir vurdert etter desse kriterium:

Forsking og innovasjon | FORREGION Vestland (FTL)

• Kor original og nyskapande er innovasjonsideen i prosjektet?
• I kor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?

Verknader og effektar | FORREGION Vestland (FTL)

• I kva grad er det potensial for at resultata frå prosjektet kan bidra til verdiskaping i norsk næringsliv?

Gjennomføring | FORREGION Vestland (FTL)

• Kor god er prosjektplanen med omsyn til fagleg oppgåver og samarbeid mellom forskar og bedrift?
• Har dei involverte i prosjektet god og relevant kompetanse for oppgåvene som er planlagt?

Samlet vurdering | FORREGION Vestland

Behandlingsprosedyre

Forventa svar på søknaden

Vi har løpande mottak av søknader gjennom året. Svar på søknaden vil skje i løpet av 2-3 veker.

Prosjektstart og prosjektslutt

Prosjektet kan ikkje starte før du har fått svar på søknaden.

Opprett søknad

Søknader til "FORREGION Vestland - forskar til låns" vert oppretta som ein eSøknad på "Mitt nettsted". Du må fylle ut og laste opp malane som vedlegg til søknaden.

Opprett søknad

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. januar 2025, kl. 01.54 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.