FORREGION Vestland Forprosjekt 2025
Bedrifter som vil søkje om støtte til forprosjekt må først etablere kontakt med ein av kompetansemeklar i FORREGION Vestland.
Formål
Formålet er å støtte tidlegfase FoU-prosjekt i bedrifter med lite eller inga forskingserfaring. Prosjektideen må rette seg inn mot å løyse ei innovasjonsutfordring for bedrifta. Forprosjektet skal vere eit innleiande arbeid med ein plan for korleis ein skal ta forskinga vidare med støtte frå andre finansieringsordningar.
FORREGION Vestland skal bidra til samarbeid mellom bedrifter og FoU-organisasjonar.
Om utlysningen
FORREGION Vestland kan dekke inntil 70 prosent av kostnadene i eit forprosjekt. Bedrifta må samarbeide med ein godkjend forskingsorganisasjon og minimum 70 prosent av støtta frå FORREGION Vestland skal gå til innkjøp av FoU-tenester.
Ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland må vere kopla på i prosessen med å utvikle søknaden. Kompetansemeklaren gir gratis hjelp i samband med prosjektutvikling, idémyldring og identifisering av forskingsbehov i bedrifta. Kompetansemeklaren gir rettleiing i søknadsprosessen og koplar bedrifter med forskingsmiljø og relevante nettverk
Ideen bak prosjektet må vere ein innovasjon som kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland fylke.
Hvem kan søke?
Alle bedrifter med adresse og/eller vesentleg aktivitet i Vestland fylke, og som har lite eller inga forskingserfaring, kan søke. Føretak som er eller har vore prosjektansvarleg i hovudprosjekt finansiert av Forskingsrådet, Regionale forskingsfond (RFF) eller EU sine forskingsprogram dei siste fem åra, vert rekna som erfarne FoU-føretak, og kan ikkje søke.
Hvem kan delta i prosjektet?
Krav til prosjektansvarleg
Ei bedrift må stå som prosjektansvarleg i søknadsskjemaet. Administrativt ansvarleg i søknadsskjemaet er den personen som har fullmakt til å representere og forplikte bedrifta. Dersom prosjektet er eit samarbeid mellom fleire bedrifter, skal prosjektansvarleg bedrift sende inn søknaden på vegne av alle samarbeidspartnarane.
Det vert oppmoda til mangfald og god kjønnsbalanse i prosjektorganiseringa.
Krav til prosjektleiar
Prosjektleiar er fagleg ansvarleg og må ha solid kompetanse på temaområdet i søknaden og/eller prosjektleiarkompetanse.
Krav til FoU-leverandørar
Bedrifta må samarbeide med ein eller fleire godkjende forskingsorganisasjonar om prosjektet. Desse skal registrerast som FoU-leverandør i søknadsskjemaet og bør bidra i arbeidet med utforming av søknaden. Minst 70 % av støtta frå FORREGION skal gå til innkjøp av FoU-tenester frå desse leverandørane.
Berre organisasjonar på Forskingsrådet si liste over godkjende forskingsorganisasjonar kan vere norske FoU-leverandørar.
Utanlandske offentlege universitet og institutt kan også være FoU-leverandørar. I prosjektsøknaden må deira faglege kompetanse på relevante fagområde i prosjektet vere godt skildra og dokumentert.
Hva kan du søke om støtte til?
Prosjektkostnader
Du kan søke om støtte til å dekke faktiske kostnader som er nødvendige for å gjennomføre prosjektet.
Følgande kostnader kan inngå i prosjektet:
- Personalkostnader og indirekte kostnader hos bedrifta/samarbeidande bedrifter
- Innkjøp av FoU-tenester frå godkjend forskingsorganisasjon oppgitt i søknadsskjemaet
- Andre driftskostnader knytte til prosjektet
Denne støtteordninga dekker ikkje kostnader knytt til utstyr, bortsett frå mindre prosjektkostnader som er nødvendige for å gjennomføre prosjektet. Desse kostnadene skal i tilfelle førast under andre driftskostnader.
Viktig budsjettinformasjon
Merk at i denne utlysinga er timesatsen for eigne tilsette er avgrensa til 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Timesatsen kan ikkje overstige 700 kroner per time.
Handtering av meirverdiavgift:
- Alle kostnadar skal registrerast utan meirverdiavgift (mva.).
- Bedrifter som deltar i prosjektet betaler mva. som vanleg, men fører dette i eit eige mva.-register for refusjon frå staten etter gjeldande reglar.
- Det finnes ei spesiell ordning for bedrifter som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret.
Meir informasjon om dette får du ved å kontakte forsking@vlfk.no
Støttebeløp
Søkarane kan få dekt inntil 200 000 kroner for prosjekt på nivå 1 og inntil 400 000 kroner for prosjekt på nivå 2. Ein kan få dekt inntil 70 prosent av godkjende prosjektkostnader.
Minst 70 prosent av støttebeløpet må nyttast til innkjøp av FoU-tenester frå godkjend forskingsorganisasjon.
Graden av støtte til prosjektkostnader i bedrifta er avhengig av innhald og type FoU-aktivitet i prosjektet, slik desse er definert i Gruppeunntaksforordning artikkel 25. Merk at all aktivitet må vere definert som industriell forsking eller eksperimentell utvikling.
- Industriell forsking: Handlar om å etablere ny kunnskap eller ferdigheiter for å utvikle nye eller forbetra produkt, prosessar eller tenester.
- Eksperimentell utvikling: Handlar om å nytte eksisterande kunnskap på nye måtar eller på nye område for å utvikle nye eller forbetra produkt, prosessar eller tenester.
Det har også innverknad på støttegraden om bedriftene bak søknaden er store, mellomstore eller små. For innvilga søknader bli endeleg støttebeløp fastsett i tilsegnsbrev.
Eigenfinansiering
Det er krav til minimum 30 prosent eigenfinansiering i prosjekta.
- Eigenfinansiering kan vere både kontantar og utbetalt timeløn.
- Timar må reknast som "personalkostnader og indirekte kostnader", basert på faktiske og rekneskapsførte utgifter.
- Timesatsen for eigne tilsette er avgrensa til 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Timesatsen kan ikkje overstige 700 kroner per time.
- Andre relevante driftskostnadar som bedriftene betaler sjølve, kan også inkluderast som eigeninnsats.
- Prosjektansvarlege og partnarar som har eigeninnsats i form av utbetalt timeløn må vere ajour med innbetaling av arbeidsgivaravgift og skattetrekk.
Støtte kan ikkje nyttast til
- Skriving av søknader til nasjonale og regionale programmer
- Kjøp av utstyr
- Marknadsundersøkingar og marknadsføring
- Etablering av nettverk, klynger eller konsortium
- Kartlegging av forskingslitteratur
Søknaden må få fram korleis prosjektet kan bidra med ny kunnskap som er viktig både for bedrifta og for samfunnet elles. Det må kome klart fram i søknaden kva kunnskapsutfordringar som skal løysast ved forsking for å nå innovasjonen bedrifta ønsker seg. Kompetansemeklaren kan hjelpe til med å identifisere slike kunnskapsutfordringar og med å vurdere korleis prosjektet passar inn i temaplanen.
Du kan skrive søknaden på norsk eller engelsk.
Øvrige vilkår
- Vi tildeler midlar etter gjeldande EØS-reglar for statsstøtte til bedrifter som deltar i prosjektet. Kommunaldepartementet har meldt ordninga med forprosjekt til ESA under forskrift om unntak fra notifikasjonsplikt for offentlig støtte § 1, jf.EØS-avtalen vedlegg XV nr. 1j (forordning (EU) nr. 651/2014).
- I søknadsskjemaet må du informere om det er søkt støtte til same eller liknande prosjekt frå andre offentlege støtteordningar.
- Dersom prosjekt som har fått støtte ikkje blir gjennomført eller har manglar ved rapportering, kan Vestland fylkeskommune krevje tilbakebetaling av midlar.
Aktuelle temaområder for denne utlysningen
Følgjande tema er aktuelle for denne utlysinga:
- Vestland fylke står overfor omfattande utfordringar knytt til å fremme grøn omstilling og bli mindre avhengig av oljeindustrien. For å lukkast med dette, er det nødvendig med forsking som kan bidra til sirkulær økonomi forankra i vestnorske naturressursar, fortrinn og kompetansemiljø.
- Det er behov for meir forsking på grøn teknologiutvikling innan fagområde der Vestland fylke har særlege fortrinn, slik dette er definert i Vestlandsporteføljen 2.0. Her er det ei særleg utfordring å få meir ny kunnskap om det teknologiske, biologiske og økonomiske grunnlaget for berekraftig vekst innan dei marine næringane.
- Det er behov for meir kunnskap om føresetnader for vellukka sirkulærøkonomiske løysingar, til dømes basert på industriell symbiose. Dette inkluderer forsking som kan sikre at Vestland fylke blir ein sentral bidragsytar til det nasjonale samfunnsoppdraget om berekraftig fôr til landbruk og havbruk.
- I tillegg er det nødvendig med forsking på føresetnader for eit grønt reiseliv med destinasjonsutvikling basert på lokal mat- og drikkeproduksjon samt kultur- og naturressursar.
- Utfordringar knytt til å utvikle helseindustri som eit viktig næringsområde med stort eksportpotensial for bedrifter i Vestland fylke må òg adresserast gjennom forsking.
Meir informasjon om punkta over finn du i Temaplan forsking for Vestland fylke.
Regional utvikling
Praktiske opplysninger
Krav til utforming
Steg for steg
- Kontakt ein kompetansemeklar
- Forbered dokumentasjon
- Prosjektskildring (5 sider) – NB! Det er ulike malar for prosjekt på nivå 1 og 2
- CV for prosjektleiar
- Skjema for partnaropplysningar
- Eigenerklæringsskjema
- Elektronisk søknadsskjema
- Fyll ut elektronisk søknadsskjema
- Last opp vedlegg frå steg 2
- Send inn søknaden
Meir informasjon om søknadsprosessen
Når du trykker «Opprett søknad» kjem du til Forskingsrådet sin søkeportal «Mitt nettsted» der søknaden skal leverast.
Du kan lagre og endre søknaden mens du arbeider med den. Når søknaden er sendt inn, kan du ikkje endre den. Det er likevel mogleg å opprette ein ny søknad, f.eks. som kopi av den du har sendt inn – og så sende inn ein ny versjon. FORREGION Vestland behandlar sist innkomne versjon av søknaden.
Obligatoriske vedlegg
- Prosjektskildring på maks 5 sider. Bruk standard mal du kan laste ned nedst på denne sida. Vi vurderer berre prosjektskildringar som er skrivne i denne malen. NB! Merk at det er ulike malar for forprosjekt på nivå 1 og 2.
- CV for prosjektleiar
- Skjema for partnaropplysningar. Alle bedrifter som er partnarar i prosjektet – også bedrifta som er ansvarleg søkar – skal fylle ut dette skjemaet. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida. FoU-leverandørar treng ikkje fylle ut partnarskjema.
- Eigenerklæring for private bedrifter. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida.
Alle vedlegga skal være i PDF-format. Vær nøye med å laste opp riktig vedlegg, ettersom det ikkje er lagt inn tekniske avgrensingar på kva slags dokument det er mogleg å laste opp.
Søknader som ikkje oppfyller krava over, kan bli avvist utan fagleg vurdering.
Valfrie vedlegg
- CV for andre sentrale deltakarar i prosjektet
OBS! Andre vedlegg enn dei som er spesifisert ovanfor vil ikkje bli vurdert.
Vurderingskriterier
Vurderingskriterium
Søknader vil bli gitt ei samla vurdering etter desse kriteria:
- Forsking og innovasjon
- Verknader og effektar
- Gjennomføring
- Regional relevans og samfunnsnytte
Meir informasjon om vurderingskriteria:
Forskning og innovasjon | FORREGION Vestland
• I hvilken grad møter innovasjonsidéen i prosjektet et udekket behov?
• Hvor original og nyskapende er innovasjonen?
• I hvor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
Relevans og kvalitet på FoU-aktivitetene
• I hvor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene relevante og/eller av kritisk betydning for innovasjonen og som bidrag til forprosjektet?
Virkninger og effekter | FORREGION Vestland
• I hvilken grad er det potensial for at resultatene fra forprosjektet kan bidra til
– verdiskaping i norsk næringsliv og/eller offentlig sektor?
– å løse betydelige nåværende og fremtidige samfunnsutfordringer, også med henvisning til FNs bærekraftmål
Gjennomføring | FORREGION Vestland
Hvor god er
• Kvalitet på prosjektplanen med mål, arbeidspakker, milepæler, ressursinnsats og relevante risikovurderinger
• Kvalitet/kompetanse til prosjektleder og eventuell prosjektgruppe
• Organisering, med roller og ansvarsdeling, styring og strategisk forankring
• Budsjett og finansiering
Plan for utnyttelse av FoU-resultatene for innovasjonen:
• Hvor god og realistisk er bedriftens plan for videre utvikling av ideen når forprosjektet er gjennomført? (f.eks. i form av hovedprosjekt)
Prosjektideens relevans | FORREGION Vestland
• Hvor godt er forprosjektet i tråd med de regionale satsingsområdene?
Samlet vurdering | FORREGION Vestland
Behandlingsprosedyre
Forventa svar på søknaden
Fase 1 prosjekt vil ha løpande søknadsmottak og behandling. Svar på søknaden skjer normalt i løpet av 2-3 veker.
Fase 2 prosjekt vil ha behandling 3 ganger i året, der søkjar må nå innsending til følgjande datoar: 14 mars, 1 juni, 8 oktober og 3 desember. Ein må rekne ca 4 veker før svar på søknaden kjem.
Opprett søknad
Opprett søknad Søknader til "FORREGION Vestland - forprosjekt 2025" vert oppretta som ein eSøknad på "Mitt nettsted". Du må fylle ut og laste opp malane som vedlegg til søknaden.
Opprett søknadMeldinger ved utskriftstidspunkt 24. januar 2025, kl. 04.34 CET